Hopp til hovedinnhold

Frode Grytten Beat Band opnar årets Kapittel

Frode Grytten Beat Band. Foto Helge Skodvin

Legendariske Frode Grytten Beat Band kjem endeleg tilbake til Kapittel, og rundar av opningskvelden med sin velkjente vestlandsbeat.

Bringing it all back home

Med utgangspunkt i årets festivaltema "Heim" og 80-årsjubilanten Bob Dylans treffande platetittel "Bringing It All Back Home", vil Frode Grytten Beat Band opna årets Kapittel med ein rocka roadtrip i sitt musikalske univers. Frode Grytten Beat Band kom til verda i 2008, då Grytten eigentlig skulle halde eit foredrag om beatpoesi. Men kom igjen! Eit foredrag? Det endte med ein times konsert, og sidan har det blitt fleire. Mange fleire. 

Sist bandet spelte på Kapittel i 2015, skreiv journalist Jan Zahl i Stavanger Aftenblad: Kan Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez bli faste gjester på Kapittel til evig tid, please?. Onsdag 22. september er dei endeleg tilbake på Sølvberget, for å bringe det heile heim. Og nå kan du sikra deg ein billett for å oppleve det legendariske vestlandsbandet. Rett nok på eigen risk, som bandet sjølv skriv i omtala på heimesida.  

Konserten blir i Kinosal 1 på Sølvberget onsdag 22. september kl 21.00. Varighet ca 90 min. Billettpris: 300,-. Gratis med festivalpass til Kapittel. 

Kjøp billett til Frode Grytten Beat Band nedenfor: 

 

Google+