Hopp til hovedinnhold

Dei aller næraste

Frå Steffen Kvernelands kommande bok En frivillig død

Det første og ofte sterkaste samhaldet me er del av, er familien. Det kjem til å prega årets festival.

Kristin Auestad Danielsen Vår vesle

Bokhausten 2018 byr på ei rekkje bøker om familielivet. Kjersti Annesdatter Skomsvold skriv om livet med heilt små barn, Kristin Auestad Danielsen om 30-åringen som flyttar attende til foreldra etter studietida. Dei møtest på Kapittel.

Janne Stigen Drangsholts heltinne Ingrid Winter balanserer livet etter beste evne i Winterkrigen , ein roman der Kapittelfestivalen (!) spelar ei viktig rolle. Drangsholt møter Kapittelsjef Espen Røsbak for å snakka om opne kontorlandskap og new public management. Mellom anna.

Jan Zahl og Mari Grydeland kjem for å snakka om Vi kan godt få barn , som er deira andre bok saman. Haustens bok frå Monica Isakstuen handlar om kor rasande ein kan bli på dei næraste.

Og ikkje minst: Teikneserieskapar Steffen Kverneland er endeleg bokaktuell igjen, fem år etter storverket Munch , som han fekk Brageprisen for. Få med deg forfattarmøtet på Kapittel. Årets utgjeving frå Kverneland har tittelen En frivillig død, og handlar om Kvernelands far, som tok livet sitt då forfattaren var 18 år. 

Samhald i familien:

 
Google+