Hopp til hovedinnhold

Bokmerke - barnas eige Kapittel

Jakob og Neikob og Alle Andre av Kari Stai

Bokmerke er barnas eige Kapittel. No er programmet klart.

Frå 19. - 23. september arrangerer Sølvberget litteraturfestivalen Kapittel  på Sølvberget , og Bokmerke er festivalens eige program for barn og unge. I vekedagane inviterer me barnehagar og skuleklassar til forfattarmøte og andre spanande leseaktivitetar, og i helga byr me på morosame litteraturopplevingar for byens barnefamiliar. 

Jakob og Neikob og Alle Andre

Årets festivaltema er Samhald, men kva betyr eigentleg det for dagens barn og unge? Samhald pregar dagens nyheitsbilete på mange måtar, men for dei yngste er som regel venskap og det å høyra til den viktigaste forma for samhald. Og kven er vel betre på venskap i barnelitteraturen enn bestevenene Jakob og Neikob? I haust kjem Kari Stai med si femte biletbok om dei ikoniske figurane, i Jakob og Neikob og Alle Andre, og me gler oss til å få besøk av dei på årets Bokmerke.

Bestevener

Andre litterære bestevener du kan møta på årets festival er Lene Asks splitter nye romanfigurar Mai og Juni, tvillingane Emma og Isak frå Helene Nagelhus prisløna debutbok, Jojo og alle dei magiske venene hans frå Ida Neverdahls nye teikneserie og Åsmund og Blåmann frå dokketeateret Blåmann, blåmann bukken min. Sistnemnde framsyning er Folkeakademiets markering av Vinje-jubileet.

Krig og flukt

For eldre barn og ungdom har tydinga av samhald eit vidare perspektiv, og mange av dagens ungdomsbøker handlar om krig og flukt. Teikneserieskapar John Jamtli er aktuell med teikneserien Sabotør, eit spanande actioneventyr om Osvald-gruppa - Norges mest effektive sabotasjeorganisasjon under 2. verdskrigen. Forfattar Taran Bjørnstad har på si side skrive Sommer i Norge, ei brutal ungdomsbok om ei 16 år gammal jente som kjem åleine til Norge som mindreårig asylsøkar. 

SabotørCover (003)

Slavehandel, klima og ei koko verdshistorie

Elles blir det mange høve til å læra noko nytt på årets Bokmerke. Forfattar Anders Totland kjem i haust med ei ny bok om den norske slavehandelen, og vil presentera den opprørande historia om nordmenn som reiste til sjøs med skipa fulle av afrikanske slavar. Journalist Ole Mathismoen og illustratør Jenny Jordahl er aktuelle med den morosame teikneserien Grønne greier, der barn og unge kan læra meir om klima og miljø. Og i den populære nye barneboka Kokotopia tek forfattar Simon Stranger og illustratør Helena Lindholm barna med på ei ellevill reise gjennom verdshistoria. 

Bokmerke 18

Her finn du oversikt over heile programmet:

 

Om Bokmerke:

Bokmerke ble skilt ut som et sideprogram til litteraturfestivalen Kapittel i 2010, og programmeres av de ansatte med kompetanse innen barne- og ungdomslitteratur.

Gjennom forestillinger, utstillinger og konserter for barnefamilier, skoleklasser og barnehager, inviterer vi hvert år til spennende møter med forfattere, illustratører og fagpersoner fra det barnelitterære feltet. Målet med Bokmerke er å vekke nysgjerrighet og leselyst gjennom formidling av aktuell barne- og ungdomslitteratur, og skape et rom for diskusjon av sjangerens rolle i forhold til litteratur generelt og festivalens satsingsområder spesielt.

Ansvarlig for Bokmerke:
Siri Odfjell Risdal  / tlf + 47 48155406

Google+