Hopp til hovedinnhold

Bob hund til Kapittel

Bob hund

Billettsalet til konserten i Kunsthall Stavanger er i gang.

Det svenske kultbandet har halde på i over 25 år, og er framleis kjent som eit av dei beste livebanda i Skandinavia og som nyskapande og stadig kreative rockarar.

Deira første EP kom ut i 1993 og fem år seinare var dei store stjerner, med klassiske hitar som Nu är det väl revolution på gång? og Jag rear ut min själ. Musikkstilen var og er inspirert av band som Velvet Underground, Gun Club, Kraftwerk og Pixies, vokalist Thomas Öberg si skånske stemme er umogleg å ta feil av, og Martin Kann sin strek har gitt visuell schwung til det heile.

Konsert i Kunsthallen + Føkkefjord

Det blir eit intimt og veldig spesielt høve til å oppleva bandet i Kunsthall Stavanger, fredag 21. september. Billettsalet har opna.

På same billett får heldige publikummarar òg med seg Føkkefjord. Duoen Maria Refsland og Erik Johan Egenes, som har kjent kvarandre sidan barnehagen, lagar herlig visepunk frå Flekkefjord med anarkistisk snert. Sjekk dei ut.

 
Google+