Hopp til hovedinnhold

Gaute Sortland

Foto: Herborg Pedersen

Gaute Sortland er ein norsk forfattar og musikar. 

Gaute Sortland debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009. Sortland mottok mange gode meldingar for debutboka, og blei mellom anna kalla ein særdeles løfterik debutant. Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare. Historia er truverdig fortald i eit stillfarande språk. I 2011 kom kortprosasamlinga Du er her igjen og alt er forandra.

Sortland er også kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Bandet spelar amerikansk folkemusikk i nynorsk språkdrakt og gav i 2008 ut si første plate, Lang veg til Tysvær. Plate nummer to, Til skogen, kom i 2010. 

Fant du det du lette etter

Spørsmål merket * er obligatoriske.

Takk for tilbakemeldingen!

Vi svarer ikke på henvendelser her, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre!

Google+