Hopp til hovedinnhold

Mine favorittar frå 2014

Leonard Cohen

Det har kome mykje spanande musikk i 2014. Som vanleg har eg høyrd ein del electronica. Men faktisk er det meir triste kvinnelige vokalister som har satt spor i år. Gå inn på Spotify og høyr på lista Trist, der dei beste songane frå desse artistane er å finna.

 

 

Leonard Cohen

1: Leonard Cohen - Popular Problems

Min absoulutte favoritt i år. Eg har høyrd denne cd-en ein million gonger om att og om att. Eg er einig i Øyvind Berekvam i at dette må vera årets styggaste cd-cover, men det er heilt fantastisk musikk. Dette er ein cd som ein aldri kan gå lei av. Melodiene smyger seg lett inn på øyret, og du kan nynna saman med kordamene. Stemmen til Leonard Cohen har sunke endå nokre hakk, og han brumlar fram sine vakre og spesielle tekstar.

 

 

 

 

Sharon Van Etten

2: Sharon Van Etten - Are we there

Singer songwriter. Trist, vakkert og stort.

 

 

 

 

 

 

Angel Olsen

3: Angel Olsen - Burn Your fire for no witness

Singer songwriter. Fantastisk kul stemme. Sangen "White fire" er den tristaste og vakraste songen i heile verda.

 

 

 

 

 

 

Emilie Nicolas

4: Emilie Nicolas - Like I'm a worrior

Norsk singer songwriter med draumeaktig stemning og electronicalyd-landskap.

 

 

 

 

 

 

Lana Del Rey

 5: Lana Del Ray - Ultraviolence

 

 

 

 

 

 

 

Banks

6: Banks - Goddess

Høyr songen "Waiting game". Den byrjar forsiktig, med piano og stemmen i fokus, og så slår ein fantastisk tung beat inn og det blir stort og melankolsk og flott! Pop med electronisk lydbilde. Nydeleg stemme som er like bra på dei rolege partia som når ho tek i.

 

 

 

 

 

Jozef Van Wissem

7: Josef Van Wissem - Only lovers left alive

Dette er filmmusikken til den siste filmen av Jim Jarmusch. Eg har ikkje fått filmen endå, men viss den passar til den mystiske stemninga i denne musikken må den vera bra.

 

 

 

 

 

Røyksopp

8: Røyksopp: The inevitable end

Eg elsker Røyksopp, og eg trur ikkje dei kan laga noko som ikkje er bra. Forfriskande med mange gjesteartistar. Plata er veldig variert, men alt er like bra. Meir pop enn dei første platene kanskje, absolutt dansbart!

 

 

 

 

 

  

Jessie Ware

9: Jessie Ware - Tough love

  Svulstig moderne pop/soul/R&B.

 

 

 

 

 

Tokimonsta

10: Tokimonsta: Desiderium

Skikkelig kul electronica

Google+