Hopp til hovedinnhold

Lyden av Setesdal

Lyden av Setesdal

Rebecca Egeland viser vei til folkemusikken i Setesdalen

 

Kanskje du i disse tider har ekstra god tid til å høyre på musikk? Kva med å bli betre kjend med vår instrumentale tradisjonsmusikk?

I desember 2019 kom Setesdal på UNESCOs liste for immateriell kunst under ”representative list”, som representerer nasjonen, og i denne fyrste lista vil de bli betre kjend med denne tradisjonen og kva den har å by på, med eit representativt utval av mykje nytta slåttar i ein sterk folkemusikktradisjon.

 

I boka 50 år med folkemusikk (1982) skriv Rolf Myklebust:

”Slåttespelet frå Setesdal kom tidleg med i radioprogramma. Denne musikken er lettare å oppfatte enn slåttar frå Telemark, t.d. Setesdals-musikken har greiskorne melodiar med markert rytme og takt, medan mykje av slåttespelet frå Telemark er fleirtonig, har meir varierte smårytmar og ujamn markering av taktinndelinga.

Eg kjenner lydarar, byfolk, som ikkje hadde bakgrunn i folkemusikk, men som vart fanga inn av slåttemusikken frå Setesdal alt første gongen dei høyrde det i radio.

            Det er eit eige driv i Setesdals-musikken av bankande puls og heitt blod, rytmisk klårt og livfult som ikkje lét nokon likegyldig.”

 

 

Slåttar:

1. Nordafjells – Nordafjells er den siste av tre gorrlause rammeslåttar. Dei tre rammeslåttane er av dei eldste slåttane me kjenner til frå Setesdal, og er òg særs sentrale i slåttespelet.

 

Slåttane blir mellom anna nemnd i ”Gamalt or Sætesdal” bokverket til Johannes Skar som kom ut frå 1903 til 1916, der Olav Faremo (f.1786) står oppnemnd som kjelde.

      ”Han gjorde tri slåttar som han kalla ”dei tri gorrlausann’”, - dei fekk det namnet av di, at dei gjekk på gorrlaus bas; basen surra attunder som ei humle. Den eine gorrlausen kalla dei Nordafjølls. Nordafjølls var so rikeleg ein slått; det var den fælaste (sværaste, beste) av alle gorrlausane”.(GoS bind 1 s.141). Olav og broren Tarjei (f.1790) skal vere opphavsmenn til særs mange av dagens slåttar i Setesdal.

Slåtten spelas her av Torleiv H. Bjørgum (1921 – 1990) på kassetten ”Sebyggje og Teledøl” frå 1979, som er digitalisert på Spotify. I dette opptaket høyrer ein tydeleg intensiteten som blir lagt i spelet.

 

2. Rammeslått 1 – Torleiv H. Bjørgum
Ei soge kring desse gorrlause rammeslåttane, stammar frå Sigrid Tveiten (dottera til Eidsvollmann Olav Tveiten) og Torjus Åmli. Torjus var trulova med Sigrid, men måtte vike plass for kjempekaren Bjørgulv Uppstad. I kjærleikssorga drog Torjus på heia, ved eit vatn kalla Skammevatn og spelte desse slåttane, då dei høvde godt til den mentale stoda han var komen i;  uttrykket i den fyrste slåtten er noko uvisst og likegyldig, i den andre er ein meir offensiv og vonfull – ting startar å gå lettare, medan i den tredje, Nordafjells, finn ein element av alt ein slått kan innebere.

 

 

3. Rammeslått 2 – Torleiv H. Bjørgum

 

 

4. Skjoldmøyslaget – Hallvard T. Bjørgum.
Dette er ein slått med mange segn i Setesdal. Desse Skjoldmøyan skal ha vore stridsmøyer som slåst på lik fot som menn, og slåtten skal vere etter Tarjei Faremo. 
Dette opptaket er med Hallvard T. Bjørgum, som mellom anna vann kongepokalen på landskappleiken i Bø i 1988 med denne slåtten. I 2014 vart Hallvard slege til riddar av St. Olavs ordenen.
Albumet Skjoldmøyslaget frå 1990 er den siste av tre plater som Hallvard og far Torleiv rakk å gjeve ut før Torleiv døydde (Torleiv døydde rett før lansering). Plata fekk Spellemannspris for årets folkemusikk og gamaldans, og i 2011 hadde Morgenbladet kåring av dei 100 beste norske albuma, der Skjoldmøyslaget kom plass nr.14 av 100.

 

5. Filleværen – fele / munnharpe.
Ein mykje bruka danseslåtten i Setesdal som skal stamme frå den omreisande Vern Auverson (f.1792). Vern skal ha vore ein kar frå Kviteseid, som fór mellom bygdene i Agder og Telemark og kjøpte filler som han leverte til resirkulering i Rogaland.

Det fyrste munnharpeopptaket er med Sigurd Brokke i form etter Mikkjel Kåvenes, fele med Daniel Sandén-Warg (spelt mellom anna med Odd Nordstoga). Det siste munnharpeopptaket er òg med Daniel, men i form etter munnharpevirtuos Aani Rysstad, her kan ein høyre forskjellige måtar å spele munnharpe på.

 

6. Nils og Jens og Gjeidaug med gruppa Slinkombas.
Slinkombas var ein av dei tidlegaste folkemusikkgruppene her i landet med Gunnar Stubseid, Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Tellef Kvifte (samt Hildur Øygarden på plata ”... Og bas igjen”). Platene er opphaveleg frå 1979 og 1982, men vart gjeve ut på nytt i 2008. Slinkombas fekk Spellemannspris i klassen folkemusikk/gammeldans for plata frå 1979.
Slåtten ”Nils og Jens og Gjeidaug” er opphaveleg ein Telemarksslått som vandra til Setesdal med spelemannen Hallvard S. Rysstad (1870 – 1937) og blir i dag rekna som ein god setesdalsslått. Slåtten har eit slåttestev knytt til seg, derav namnet Nils og Jens og Gjeidaug:

Det va’ Nils og Jens og Gjeidaug,
Og Nils han ligge no steidau
Dersom han fær’kje liggje mæ’ Gjeidaug
Så ligg han nå snart så stei’dau

 

7. Hegglandens Meisterstykke med Hallvard T. Bjørgum.
Olav Heggland (1888 – 1974) frå Bygland var ein dyktig spelemann som utarbeida eigne formar og uttrykk av slåttar. Skjoldmøyslaget på denne lista er eit resultat av det, men òg denne slåtten som har fått namnet Hegglandens Meisterstykke. Denne slåtten står som original, og er truleg utarbeida av fleire forskjellige slåttar.

 

8. Gamlestev med Kirsten Bråten Berg.
Dette gamlestevet er dikta av Gunnar Rysstad (1867 – 1928) og blir framført av ei av Noregs kvedardronningar, Kirsten Bråten Berg. Kirsten vann kongepokal i kveding på Landskappleiken i 1987 og blei slege til ridder av  St.Olavs ordenen i 2005. 

 

9. Nystev med Kirsten Bråten Berg 
Steva er etter Tarald J. Uppstad (f.1872).
Det finst tre formar for stev: gamlestev, nystev og slåttestev. Gamlestev er, som namnet tilseier, det eldste og skal stamme frå så langt tilbake som 1300-talet. Nysteva stammer frå kring 1800-talet, medan slåttesteva er knytt til den instrumentelle slåtten.
Gamlesteva er rekna for å vere meir høgtidlege og alvorsame enn nysteva, og har oftast ei meir høgtideleg og gamaldags språkføring enn nysteva. Nysteva er uvanleg direkte og inderlege i uttrykksmåten, og kan i innhald femne om alt som rører seg i tankar og sinn hjå sæbyggjane (setesdølane). Den dag i dag blir det framleis dikta og nytta nystev, eller stev i Setesdal, særleg i Valle kommune. 

 

10. Nystev med Torleiv H. Bjørgum

 

11. 9 stevtonar med Torleiv H. Bjørgum
Det finst kring 30-40 ulike melodiar som nysteva kan bli kveda til. Her er døme på 9 slike stevtonar spelt på hardingfele.

 

12. Dolkaren – Johanne Flottorp
Dolkaren er òg ein skarp danseslått etter Faremoan. Slåtten blir her spelt av Johanne Flottorp frå Åmli, som ligg mellom to store hardingfeleområder: Setesdal og Telemark, som gjer at Johanne er ei av Setesdals yngre representantar for slåttespel.

 

13. Faremoans brureslag
Brureslag etter Faremoan med Sigrid Kjetilsdotter Jore – slåttestevet ho kvedar er frå Knut Johnsson Heddis (1857 -1938) verk ”Liv og Leikar” frå 1901. Sigrid har med far sin, Kjetil Carolis Jore på slåttetromme, som tidlegare var eit vanleg instrument i mellom anna bryllaup. Hardingfeleopptaket er med Hallvard T. Bjørgum og til slutt eit opptak med munnharpe som Sigurd Brokke har overført frå feleopptaket.

 

14. Sordølen – Vidar Lande
Sordølen skal vere frå den siste avrettinga i Setesdal. Sigurd Eivindson Sordal (1770-1789) gjorde ei jente gravid. Under ein dansefest i Sordal fekk han ho med inn på låven og slo ho i hjel. Han gjekk innatt på festen og tulla på det som vart slåtten.
”Eg tikjer so vondt om tulla mi;
no ligg u’ struar me sorgjé si
Eg e so gla av tulla no;
no hev u’ stae av sorgje si”

Utøvar her er Vidar Lande frå Froland og Bygland. Lande er professor i filosofi og har transkribert store delar av den instrumentale folkemusikken i Setesdal og Telemark, i tillegg til å ha gjeve ut fleire CD-ar. Mykje av hans folkemusikalske verksemd er knytt mot rekonstruksjon av spelestil i Setesdal og Agder.

 

15. Klunkaren – Daniel Sandén-Warg
Dette er òg ein slått som opphaveleg kjem frå Telemark, som har fått plass som ei av dei beste danseslåttane i Setesdal.

 

 

16. Håvard Heddi – Music without borders
Håvard Heddi er ei av dei mest kjære folkevisene vi har. Visa stammer frå Håvard Folkesson Helle 1758 – 1802 frå Bygland. Fyrste gong visa om Håvard Hedde vart trygt var av Magnus Brostrup Landstad sin samling Norske folkeviser i 1853.
I 2014 vart det sett i gong eit forskingsprosjekt ”Music without borders – musikk uten grenser” ved Universitetet i Agder som gav ut ei plate i 2017 med tolv innspelingar der verdsmusikarar frå 17 land tolkar og responderer på stev- og slåtteinnspelingar frå Setesdal.
Dette kan lesast meir om via denne lenkja

 

 

 

17. Domedagsslåtten – Hallvard T. Bjørgum.
Den lyriske versjonen av Nordafjells får avslutte spelelista. Denne er i form etter Hallvard S. Rysstad, som lærte den bort til spelemenn i Telemark og som vidare har vandra mellom desse slåttetradisjonane.

 

 

 

 

250px-Vidar_Lande_acr_gimp

Vidar Lande

146511

Daniel Sandén-Warg og Sigurd Brokke

6226384_4481477

Kirsten Bråten Berg

standard_Torleiv_H_Bj_rgum_1988_B_

Torleiv Bjørgum (1921-1990)

image

Hallvard T. Bjørgum

h

Johanne Flottorp

jore

Sigrid Jore

HCD7230-300x300

Slinkombas

Google+