Hopp til hovedinnhold

Under radaren

Fra omslaget til Et system så storslått at man blendes av Amanda Svensson

Ventelistene på enkelte av dei nye bøkene i haust er svært lange og står du på dei, må du jo ha noko å lesa i mellomtida.  Her er nokre titlar som har fått gode omtalar, som du kan finna på hylla for nye bøker. 

Gormley av Runar Mykletun

Hugsar du dei rustne mennene på Solastranda? Runar Mykletun har skrive ein roman om dette kunstverket og om kunst og kunstdebatt i Stavangerregionen.  I persongalleriet møter me både verkelege personar og fiktive skikkelsar: først og fremst kunstforeningens kurator og leiar og den personlege relasjonen mellom dei to. For oss som bur her er det lett gjenkjenneleg og hyggeleg lesnad, og med ein dose humor og ironi,t.d. heiter kuratoren Gustav Alexander de Ledaal-Zetlitz (!) Romanen fekk god kritikk i Aftenbladet: "Gormley er en flerstemt roman om Rogaland og om lokal tilhørighet, om en manns motsetningsfylte dragning mot et fylke, mot kunsten, mot en kvinne"

Gormley av Runar Mykletun

 

Den polske bokseren - Sorg -  Kloster av Edouardo Halfon

I Edouardo Halfons tre korte bøker Den polske bokseren, Sorg og Klosteret møter me i følge forfattaren, den fiktive forfattaren og litteraturprofessoren Edouardo Halfon som undersøker familiens historie og løyndomar. I den første boka fortel han om bestefaren som vert redda frå Auschwitz av ein polsk boksar.  I Sorg møter me familien i Polen, Italia, USA og til slutt i Guatamala, der forfattaren sin far fortel historia om bror sin som døydde under tragiske omstende.  I den siste boka, Klosteret er heile familien i Jerusalem for å feira brudlaup.  Edouardo er svært bekymra fordi syster hans skal gifta seg med ein ortodoks jøde.  Det set i gang refleksjonar om kva det er å vera jøde, omtru og etnisitet. Bøkene har fått svært gode omtalar i norske aviser og i fylgje forlaget er Halfon kåra til den beste forfattarane frå Latin-Amerika i dag.

Kloster

 

Et system så storslått av man blendes av Amanda Svensson

En syskeflokk, trillingar, er som 26-åringar både geografisk og på andre måtar langt frå kvarandre.  Sebastian er lege og hjerneforskar i London, Clara har sagt opp sin faste journalistjobb og reiser til Påskeøya for å laga ein reportasje om ei spesiell miljørørsle.  Matilda har levd omlakkande lenge, men har no slått seg ned i Berlin med mann og bonusdotter.  Då mor deira røper ein løyndom må dei finna tilbake til kvarandre på nytt.  Eit familiedrama, altså, men også om å vera ung i dag, om sorg, om forteiing, om å våga seg ut i verda og ut i livet. Teksten er leiken og her er det element av magisk realisme, mysterier, trådar og samantreff som gjer det spennande å vera lesar. Og systemet som er så storslått at ein vert blenda?  Eg har min teori, men eg trur det kan vera fleire...

Et system så storslått at man blendes av amanda Svensson

 

Mannen som så alt av Deborah Levy

I 1988 er historikaren Saul Adler i Aust-Tyskland for å studere DDR-regimet, mens han er der kan han fortelja at muren vil falla innan eit år.  Også andre hendingar kan han sjå på førehand.  Dette mystiske elementet blir oppklart for lesaren då me møter Saul att i 2016.  i tilbakeblikk på livet sitt framstår han framstår som ein mann som trass i sine evner til å sjå samanhengar mellom historie og notid, ikkje evner å sjå sitt eige liv i forhold til andre menneske.  Deborah Levy vart nominert til Bookerprisen for denne og dei to tidlegare romanane sine, Varm melk og Svømme hjem. Jan Askelund i Aftenbladet gav romanen ein femmar og skriv: "Deborah Levy selv overgår grosset av romanforfattere i plott og handling og språklige ferdigheter"

Mannen som så alt av Deborah Levy

 

Solknokler av Mike McCormack

Marcus vender tilbake frå døden på Allensjelers dag og fortel om livet sitt.  Om sine gode og vonde dagar i barndom, ungdom, som ektemann og far.  Det er ei jordnær forteljing om småbyliv i Irland og refleksjonar over korleis alt heng saman – og kan øydeleggjast.  Alt i ei eniaste lang setning – dette kan vera litt ufordrande, men  prøv likevel!   Dette er ei bok som fleire forlag var skeptiske til å utgje, men ho har blitt nominert til fleire prisar og gjekk til topps i The international Dublin litterary Award i 2018 (og slo vår eigen Roy Jacobsens De Usynlige - Då må jo boka vera bra!)

Solknokler av Mike McCormack

 

Jeg går og lever av Mirja Unge

I ein liten svensk by bur Tove, femten år saman med far og storesyster.  Både heimen, skulekvardagen og fritida hennar er prega av rus, vold og overgrep.  Men Tove har ein indre styrke som hjelper henne til å sjå ei lysare framtid.  Språket kan opplevast som krevjande, det er både røft og poetisk og når ein kjem inn i forteljinga og rytmen blir lesarene fanga.  Boka har fått strålande kritikkar i både svenske og norske medier.  Forlaget skriv: " I et rasende og rytmisk språk tar Unge leseren med på innsiden av ungdommens råskap. Dagene er mørke og brutale, men de er ikke helt uten strimer av lys. Tove er sterk, hun vil klare seg, hun vil gå og leve"  

Jeg går og lever av Mirja Unge

 

Krigslys av Michel Ondatje

Korleis kan eit ektepar reisa til Singapore på ubestemt tid og forlata Nathaniel på fjorten og den yngre systera Rachel i London i 1945? I vaksen alder prøver Nathaniel å finna ut kva som er årsaka og etterkvart fell bitane på plass.  Romanen har fått ulik mottaking i norske aviser og blitt kalla både kjedeleg, spennande, poetisk og  lysande, ein rein underhaldningsroman og ein ny klassikar.  Forlaget skriv:  "Gjennom
et puslespill av fragmenter og detaljer antar historien gradvis en form som antyder omrisset av en større fortelling om forræderi og hevn"

Krigslys av Michael Ondaatje

Google+