Hopp til hovedinnhold

Tips til sommarlesing

Tips til sommarlesing

Lyst å lesa noko humoristisk og lettbeint i sommar? Her kjem nokre lesetips for sol og strandturar. Reserver bøkene på biblioteket ved å trykke på linken i boktittelen.

Fredrik Backman: En mann ved navn Ove

En mann ved navn Ove

Denne boka har store dosar hjertevarm humor og passar utmerka som sommarlektyre.

Ove er ein som alltid har følgt reglar, jobba hardt, køyrd Saab. No er han enkemann og har mista jobben. Han verkar nok litt sur og tverr for naboane i burettslaget. Etter kvart som me blir kjend med han og forstår han betre er det umogleg å ikkje bli glad i han. Ove har få venar, og etter å ha mista jobben slit han med å fylla dagane. Men brått flyttar ein stor kaotisk familie inn i nabolaget og snur opp ned på Oves rigide burettslagsreglar.

 

JojoMoyes: Den ene pluss en

Den ene pluss en

Fantasktisk feel good chick lit! Dette er ei bok der sidene flyr.

Eg vart glad i den hardt arbeidande Jess med ein outsider-steson som blir banka opp av bøller, og ei dotter som er eit mattegeni. Eksmannen kan ikkje bidra med pengar fordi han er deprimert. Ho slit med å få endene til å møtast. Og så er det den rike programmeraren Ed, som rotar seg opp i problem på jobben.

Ed og Jess lever svært ulike liv, men ved nokre utrivelege, og morosame tilfeldigheiter møtest dei.

Jess vil la dottera vera med i ein mattekonkurranse i Skottland, men ho kjem ikkje langt i ein uregistrert bil med eitt lys. Ed køyrer tilfeldigvis forbi når dei står langs vegkanten i mørket med gestikulerande politikonstablar, og han får det for seg at han kan hjelpa Jess.

 Cecelia Ahern: Om du kunne se meg nå

Om du kunne se meg nå

Elizabeth er ei suksessrik kvinne som driv sitt eige interiørfirma og har alt på stell. Utanom den meir dysfunksjonelle familien sin. Ho tek seg av nevøen Luke på 6 år fordi den yngre søstera ikkje klarer rolla som mor. Faren er stille og mutt, og ventar på kona som stakk av for mange år sidan. Sjølv om det verkar som Elizabeth har orden på alt, kan ein skimta ei krise under overflata.

Luke får ein fantasiven som irriterer vettet av Elizabeth. Men etter ei stund blir denne fantasivenen synleg for Elizabeth også. Ivan sin jobb er å hjelpa barn som har det vanskeleg ein periode. Men etter å ha vore med Luke ei stund ser han at det ikkje er Luke som har det vanskeleg, men hans hardt arbeidande tante. Snart er han i gang med å snu opp ned på kvardagen hennar.

Sophie Kinsella: Jeg har nummeret ditt

Jeg har nummeret ditt

Poppy Wyatt mister forlovelsesringen på utdrikkingslaget. Deretter blir mobilen stolen. Tilfeldigvis finn ho ein mobil som ho snappar med seg. Ho må jo ha ein måte å få kontakt frå hotellet dersom dei finn ringen hennar. Mobilen ser ut til å tilhøyra assistenten til ein businessmann. Snart har ho lese gjennom ein haug med private meldingar og epostar. Når ho også byrjar å svare på dei overtek ho rolla som personleg assistent.

Gjer deg klar for mange forviklingar. 

 

 

Kajsa Ingemarsson: Små sitroner gule

Små sitroner gule

Lettlest og underhaldande chick-lit! Agnes er servitør i Stockholm. Historia byrjar når ho både misser jobb og kjærast same dag. Dette er ei skikkeleg working girl så ho set i gang med jobbsøking. Brått får ho moglegheita til å vera med å starta ein restaurant. Det er eit tidkrevjande og risikabelt prosjekt, men ho hoppar i det. Me blir kjent med familien til Agnes som bur på ein småstad utfor Stockholm. Der blir det omveltingar når fabrikken blir lagt ned. Me blir og kjent med bestevenninna som jobbar, festar og drikk litt i overkant. Det blir litt forviklingar med eks-kjærasten, og så får me møta ein mystisk nabo og ein restaurantskribent.

Her er det massevis av handling, så det blir aldri keisamt. Det er kvardagsleg og truverdig. Det er ei ung arbeidande kvinne sitt hektiske kvardagsliv. Jobb, kollegaer, kjærast, familie.

Siri Østli: Det søte liv

Det søte liv

Siri Østli er Noregs chick-lit dronning!

Her blir du kjend med fødselsdeprimerte Mari. Mannen hjelper lite til med barnet, og ein dag legg han igjen ein lapp og stikk av.

Irmela stikk av frå sitt eige bryllup og er usikker på om ho rakk å bli gift eller ikkje. Ho søker tilflukt hjå Mari, og må dermed trå inn som reservemor fordi Mari er på randen av samanbrot.

Charlotte er ein stilfull motejournalist på utkikk etter fast jobb. Ho har ikkje heilt skjønt alvoret i situasjonen til Mari, truleg fordi småbarnstilværelsen er så fjernt frå hennar livssituasjon som det går an å koma.

Desse tre kvinnene var bestevenar i barndommen, men noko skjedde mellom Charlotte og Irmela som gjorde at kontakten blei broten. No møtest dei snart igjen for første gang på 13 år.

Google+