Hva leter du etter?

Svangerskap, fødsel og mammasjokket!

Biblioteket har mange interessante bøker om graviditet. Ikkje berre fagbøker, men romanar og personlege skildringar. Ein kjempefin måte å førebu seg på svangerskap, fødsel og livet med småbarn. Du kan reservera bøkene ved å trykka på boktittelen.

Romanar:

Vinterbarn av Dea Trier Mørch

Utruleg fin bok om ventande mødre på eit sjukehus. Med forskjellig alder og situasjon, frå ulike samfunnslag, med ulike erfaringar og forventningar. Det skjer også ulike komplikasjonar før og under fødslane. Her er det mange rørande vakre scener, men og nokre hjerteskjærande triste.

Sjølv om boka er skriven i 1976 er den lærerik for ventande mødre idag. Når ein fekk alle desse svært ulike opplevingane tett opp mot kvarandre, vart i alle fall eg medviten om kor mykje den mentale førebuinga har å seie.

Forløsning – ni fortellinger om å føde

Noveller fra forskjellige kvinnelige forfatterstemmer som viser hvor forskjellig man kan oppleve fødsel. Novellene var stemningsfulle og hadde godt språk. Det at de var så forskjellige gjorde boken tankevekkende og interessant.

Prosjekt baby av Sinéad Moriarty

Emma er 33 år og har bestemt seg for at det er på tide å få barn. Det blir vanskelegare enn ho hadde trudd. Emma må gå grundig til verks og prøva alle moglege tiltak for å nå draumen sin. Til tross for alvorleg tema er boka lettlest og frisk.

Ni måneders helvete av Sarah Ball

Holly blir uventa gravid og får heile livet snudd på hovudet. Humoristisk og lettlest chick lit om alt Holly må setja seg inn i og førebu seg på.

Gravidsjokk av Belinda Olsson

Lettlest chick-lit om moderne ung kvinne som elsker jobben sin som journalist, samt glad i å feste og ha det gøy. Helt uventet blir hun gravid, og bruker lang tid på å venne seg til tanken. Hun er ikke som mange andre kvinner som leser bøker om svangerskap, legger om livsstilen, kjøper inn utstyr, snakker om babyer og gleder seg. Det var en forfriskende vri på tema. Jeg var mindre interessert i journalist-delen av boka, som er ganske stor. Men boka er veldig underholdende og lettlest. Dessverre er det ikke all verdens skjønnlitteratur med svangerskap som sentralt tema.

Personlege skildringar:

Mammasjokket – trøst og oppmuntring for småbarnsmødre av Helena Brodtkorb

Då Helena Brodtkorb fekk eit kolikkbarn var ho ikkje førebudd på kor slitsomt det kom til å bli. Denne boka set ord på frustrasjonar som mange truleg vil kjenna seg att i. Og om ein ikkje kjenner seg att endå kan det likevel vera lurt å lesa persolege erfaringar frå forskjellege typer mødre. Det er best å førebu seg på at livet med baby ikkje berre blir koseleg!

Det gjeld å ha lågt ambisjonsnivå og ikkje leggja enorme mengder med planar for denne tida som garantert kjem til å bli veldig travel og utfordrande. Dette er ei utruleg god bok!

Gravid, jeg? – dagbok fra et svangerskap av Elin Tvedt

Dagbok om ventetida mot fødselen. Koseleg å lesa hennar personlege tankar, gleder, bekymringer og planlegging. Eg kunne gjerne ha lese endå meir detaljerte skildringer for å læra meir om svangerskap. Det kan eg truleg lesa meg til i faktabøker, men det er kjekkare å lesa personlege skildringer. Det var uansett ei koseleg lesaroppleving. Eg kunne kjenna meg att i mange av tankane til Elin.

Mammarådet – 16 kvinnelige bloggere om mammarollen i dag

Av 100 bidrag som vart sendt inn til denne boka vart 16 plukka ut. Her fortel dei om ulike aspektar ved mammarollen i dag. Nokre er humoristiske og nokre alvorlege. Dette er og ein god inngang til å finna dei gode mammabloggane som ein kan følga på nett.

Heia mamma! Av Anne Lindmo og Helle Vaagland

Humoristisk bok om graviditet, fødsel og småbarnslivet som ikkje alltid er ein dans på roser.

Fagbøker:

En god fødsel – forbered deg med mental trening av Birgit Semundseth og Tonje Wessel Rummelhoff

Ei innføring i fødselens ulike fasar og ulike teknikkar ein kan bruka undervegs. Boka har fødseleshistoriar frå kvinner som har brukt teknikkane, samt kommentarar av jordmor og mental trenar. Det står at ein kan lasta ned ei lydfil med avspenningsøvingar via ein QR-kode, men dette fekk eg ikkje til.

Mamma for første gang av Gro Nylander

Fødselslege, ammeekspert og overlege dr.med. Gro Nylander gjev ei innføring i amming, spedbarnsstell og barnets utvikling.

På vei – unnfangelse, svangerskap, fødsel av Gro Nylander

Om graviditeten, barnets utvikling gjennom 9 månader og fødselen.

TV:

Jordmødrene

Denne flotte serien på NRK består av to sesongar med til saman 12 episodar der me følgjer jordmødre i arbeid. I den første sesongen frå 2007 blir me godt kjent med jordmødrene på Buskerud sykehus og får bli med på ulike fødslar. I sesong to frå 2011 føgjer me distriktsjordmødrene i deira jobbkvardag med utfordingar og gleder. Ei god innføring i kva som skjer når fødselen er i gang og ein kjem til sjukehuset eller fødestua.

Podcast:

Pregtastic

Pregtastic er ein amerikansk podcast der eit panel av gravide kvinner snakkar om alle moglege tema rundt svangerskap og fødsel. Dei deler fødselshistoriane sine, og dei intervjuer ulike fagpersonar om ulike fødselsteknikkar, ulike treningstilbod, akupunktur, meditasjon, kosthold osv. Du kan sjå på titlane kva episodane kjem til å handla om, så det er lett å finna fram til dei mest interessante.

Föda barn - en podcast från Danderyds sjukhus

Ein svensk podcast med fem avsnitt om ulike bekymringar og spørsmål ein kan ha om fødsel. Dei har med ein ny gjest i kvart avsnitt som snakkar om sine opplevingar.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙