Hopp til hovedinnhold

Sommarlesing 2013

Foto:  Øyvind Berekvam

Sommar og ferie er fint.  Då har eg alltid ei bok liggjande, enten i veska eller på nettbrettet. På flyturen, i ferjekøen, på stranda eller i godstolen kan eg alltid dyrka min favorittsyssel.

Fugard: Tsotsi

Kollega Marianne meinte eg burde ha med meg Athol Fugards bok Tsotsi til Sør-Afrika, så det gjorde eg.  Visst såg eg spor av klasseskilnad, urett og fattigdom på turen, men verkeleg nær det, kom eg først i denne boka.  Her møtte eg Tsotsi frå Soweto, Johannesburg.  Han har hatt ein tøff oppvekst og er no ei leiar for ein kriminell gjeng som ikkje går av vegen for verken vold eller drap.  Ein dag opplever han noko som krev noko nytt av han, og han byrjar å reflektera over livet sitt. Til tross for det tøffe innhaldet, er det også ei fin bok - ikkje minst språkleg.  Det gav ein ekstra dimensjon til både boka og ferien å vera nær hendingane og stadane i boka.  Romanen kom ut i 1979, og gjev eit innblikk i apartheid-regimet og livet i ein sørafrikansk township.  Etter at ho vart filmatisert i 2005, er ho også omsett til norsk.  Athol Fugard er først og fremst dramatikar og skodespelar, og eit teater i Cape town er oppkalla etter han.

Jeffrey Eugenides 

ser ut til å ha gjort det til ein vane å gje ut ein roman kvart 9. år.  Eg vart merksam på forfattaren på Kreta i 2005, då eg hadde ein av mine desidert største leseopplevingar.  Det var den Pulitzerprisvinnande romanen Middlesex (2002, norsk utgåve i 2003).  Kort fortalt er det ein generasjonsroman som strekkjer seg frå Smyrna i Tyrkia, der den greske befolkninga vart utdrivne frå i 1922.  Me fylgjer to ungdommar som gifter seg under overfarten til USA og stifter familie der.  Å finna sin identitet må seiast å vera eit tema i denne boka.  Romanen er også eit portrett av USA gjennom 70-80 år til me møter Calliope som strevar å finna sin identitet - på eit heilt anna plan enn besteforeldra.  Denne leseopplevinga ville eg gjerne gjenoppleva, om muleg, og eg tok med meg dei to andre romanane han då eg skulle pakka kofferten:  Jomfrudød eller The Suicide virgins (1993, norsk utg. 1994, filmatisert av Sofia Coppola i 1999), og The Marriage plot frå 2011, norsk utg. i 2012 med tittelen Formål ekteskap.  Ingen av dei nådde heilt opp til Middlesex, men dei var likevel svært gode synes eg.  Eugenides er ein forfattar som ikkje gjentek seg sjølv, dei tre bøkene er svært ulike.  Jomfrudød er ei forteljing om korleis ein alminneleg guteflokk fra middelklassen opplevde året då 5 systrer dei kjende, tok livet av seg.  Ekstreme hendingar som prega dei resten av livet.  Den hittil siste romanen hans (Eg håpar han skrur opp farten litt, synes det er vanskeleg å venta heilt til 2020) var ein studentroman og ein kjærleiksroman.  Litteraturstudenten Madeleine, som fordjupar seg i Jane Austen.  Plutseleg finn ho seg sjølv midt inne i eit klassisk kjærleiksdrama:  Mellom to menn.  Kven skal ho velja?  Men her sluttar vel likskapen med Jane Austen... 

Tyske noveller

Hermann:  Alice

Noveller har aldri vore min favoritt, men i sommar kom eg over nokre samlingar som fekk meg til å revidera denne oppfatninga.  Den eine var Alice av Judith Herrmann.  Samlinga inneheld 5 noveller som alle handlar om Alice og hennar forhold til menn som enten døde eller døyande.  Eg synes forfattaren formidlar den stemninga ein opplever, og refleksjonane ein gjer seg i nærvær av døden. Eg trur mange vil kjenna seg att i desse skildringane.  Boka er utgitt i år på Stavanger-forlaget Pelikanen. Gode noveller fann eg også i Skyld og  Forbrytelser av Ferdinand von Schirach.  Forfattaren er jurist og stoffet til novellene er henta frå verksemda si som forsvarsadvokat.  Novellene er tankevekkjande og tema dreier seg rundt rett/gale, skuld/soning og liknande.  Dei to samlingane kom i 2011 og 2012.  I år kom han med ein roman:  Collini-saken.  Det er ein litt utradisjonsell kriminalroman og den kan du lesa meir om i eit tidlegare lesetips

Ein bitteliten, stor roman

Som regel får eg tid til å lesa meir enn eg har tenkt, så også i år.  Det som då skjer, er at eg går laus på mannen min sin bokstabel.  I sommar fann ein 120 siders roman som eg ikkje hadde høyrt om:  Vi dyra av Justin Torres.  Tre brør veks opp med mor og far som var altfor unge då dei dei vart fødde.  Me får eit innblikk i barndommen deira gjennom små episodar som fortel om ein kjærleg, men på mange måtar ustabil far.  Mora er viljesterk og hardt arbeidande, men maktar ikkje alltid å setja grenser for dei tre gutane.  Likevel opplever dei mykje glede i barndommen, men ungdomstida blir tøff for dei.  Han var både vakker og brutal på ein gong denne romanen, men kjem det meir får denne forfattaren, så stiller eg meg først i køen!

E-bøker

I sommar fekk eg melding om at biblioteket sitt ebok-tilbod også var tilgjengeleg for Android-tilhengjarar.  Eg oppdaga snart at sol og lesebrett ikkje var den beste kombinasjonen, så parasoll og skyggelue måtte til før eg var klar.  Eg vart i løpet av kort tid kjend med to nye norske krimforfattarar:  Merete Junker (Pumasommer) og Trude Teige (Svik).  Begge med politi og journalist i tospann og kriminalgåtene forgår utanfor dei mest sentrale strøk.  Dei når ikkje heilt opp til det beste av norsk krim, men heilt ok underhaldning nokre timar.  E-bøker er verkeleg ein enkel måte å bli kjend med ny litteratur på.

Lån bøkene

Trykk på lenkene i teksten, så kan du reservere papairutgaven av de omtalte bøkene.  Mer informasjon om e-bøker finner du til høyre på siden. 

Vi dyra - baksidetekst

Tre brødre river seg vei gjennom barndommen - moser hverandre med tomater, lager drager av søppel, gjemmer seg når foreldrene slåss, lister seg rundt i huset mens mor sover nattevakten av seg. Pappa og mamma er fra Brooklyn - han er puertoricaner, hun hvit - de er begge bare så vidt voksne selv, og deres kjærlighet er en alvorlig, farlig sak.

Livet i familien er vilt og oppslukende, fullt av kaos og følelser og lykksaligheten av å høre helt og holdent til hverandre. Fra den intense familietilhørigheten barnet opplever, til den dyptpløyende fremmedgjortheten han kjenner på idet han begynner å bane seg sin egen vei i verden. Vi dyra er en nydelig bok som gjenoppdager den gode oppvekstromanen på en overraskende sterk måte

Fant du det du lette etter

Spørsmål merket * er obligatoriske.

Takk for tilbakemeldingen!

Vi svarer ikke på henvendelser her, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre!

Google+