Hopp til hovedinnhold

Podcast: Fyr og flamme spesial

Fyr og flamme av Kjartan Fløgstad

Phil Spector hadde sin wall of sound. Kjartan Fløgstads roman Fyr og flamme (1980) er forfattarens vegg av ord, av solid granitt og med tidvis få festepunkt for hender og føter.

Romanen er ein av ti finalistar i kåringa av tidenes rogalandsbok, eit samarbeid mellom Sølvberget og Aftenbladet. Vinnaren vert kåra på Kapittel-festivalen i september.

Fyr og flamme kom ut i 1980. Fløgstad var 36 år, og hadde allereie vunne Nordisk rådslitteraturpris (for Dalen Portland). Fyr og flamme er Fløgstads vandring gjennom det norske sosialdemokratiske prosjektet på 1900-talet, med eit rikt persongalleri med utspring i industristaden Lovra i Ryfylke. Boka er smart, kompromisslaus, leiken og...ja, fyll på adjektiv sjølv, det kan ikkje bli heilt feil. Boka kan samanliknast med ein krevjande fjelltur, kor ein må gjennom bratte heng, ein heil del myr, punkt med svimlande utsikt, krattskog og bortover-trasking før ein kjem fram. Det er ikkje alltid ein fest, men du angrar ikkje på gjennomføringa.

Eg las Fyr og flamme i sommar. Det same gjorde kollega Tomas Gustafsson. Høyr samtalen:

Fleire podcastar frå Sølvberget:

Google+