Hva leter du etter?
Puslingar av Atle Berge

Nynorske lesetips

Det finst mange gode bøker på nynorsk. Her kjem nokre bøker som me på Sølvberget vil anbefale.

Atle Berge: Puslingar

27. mars 1980 kantra bustadplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen, og 123 oljearbeidarar døydde. Tenåringsjenta Marita og familien hennar sit heime og ventar på å få vite kva som har skjedd med faren Jonny. Marita drøymer om å bli oljeingeniør, og boka følgjer livet hennar gjennom ungdomstid med forelsking og opprør, prega av den dramatiske ulykka. Ho vil ha svar på kva som skjedde med Kielland-plattforma slik at nokon skal stillast til ansvar.

Kristin Auestad Danielsen: Sterke kjensler og andre dikt

Blant ting og tang i tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.

Sterke kjensler og andre dikt av Kristin Auestad Danielsen forside

Agnes Ravatn: Dei sju dørene

Nina Wisløff er ein vonbroten førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. No skal huset ho deler med ektemannen i Birkeveien, den travle helsebyråden Mads, rivast for å gjere plass til den nye traséen til Bybanen. Dei treng ein ny plass å bu, og Nina reiser på synfaring med dottera Ingeborg. Men brått forsvinn leigebuaren deira, åleinemora Mari Nilsen. Etterforskinga blir raskt lukka, og stille tek Nina på seg oppgåva med å finne ut av kva som skjedde. Oppdaginga hennar viser seg å få store konsekvensar for både ho og resten av familien.

Dei sju dørene av Agnes Ravatn

Olaug Nilssen : Tung tids tale

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale av Olaug Nilssen

Agnes Ravatn: Verda er ein skandale

Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: Vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale av Agnes Ravatn

Edvard Hoem sin utvandrarserie

Slektskrønike i fire bind, frå Romsdal og Nord-Amerika. Serien består av bøkene Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd.


Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem


Marit Eikemo : Alt inkludert

Eikemo teiknar med Alt inkludert eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - med alle våre ting og den evige jakta etter meir. Det er historia om Agnes og dottera Maja på 6 år. Dei flyttar inn i eit hybelhus i eit heilt vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, møbler eller pengar. Vi følgjer Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Agnes finn ut at det ofte ikkje er meir enn ein kvit løgn som skal til for å få ting til å gå litt lettare i møte med alle dei andre menneska. Agnes brukar tida si på finn.no, for å leite etter møblar og andre ting dei treng, mens Maja speler Nintendo. Etter kvart blir omgangen med dei andre meir utfordrande, pengane minkar, løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg - og korleis har eigentleg Maja det?

Alt inkludert av Marit Eikemo

Elena Ferrante : Svikne dagar

38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet.

Svikne dagar av Elena Ferrante

Kjersti Rogermoen : Håpet og festen

Ein roman om avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman. Om trivsel og fridom i blindsonene og om trongen til å forsvare seg. Det handlar om ei ung kvinne. Ho er stranda i ein midlertidig hybel i Bergen. Ho finansierar husleiga, alkoholforbruk og studielån med løna frå arbeidet i makuleringstenesta til Fretex. Ho har ein kvernande einetale i sitt indre, men liker å bli forstyrra av venner. Det handlar om eit liv på sida av samfunnet.

Håpet og festen av Kjersti Rorgemoen

Tore Renberg: Du er så lys

Ein ung lege med kone og barn flyttar inn i nabohuset til Jørgen og Vibeke. Dei nye naboane bringer med seg glede og endring. Særleg Steinar er det noko spesielt ved, han har ei uvanleg kraft og utstråling, det står liksom ein eigen vind om han. Det oppstår raskt eit venskap mellom dei to familiane. Men så reiser Jørgen og Steinar på fotballtur til London saman, og Jørgen blir vitne til noko som gjer han svært uroleg. Det viser seg at Vibeke kjenner på den same uroa. Kven er Steinar, og kva er det eigentleg han held på med?

Du er så lys av Tore Renberg

Gyrdir Elíasson: Koparåker

Gyrdir Elíassons forteljingar går føre seg i grenselandet mellom røyndom og draum og mellom kultur og natur. Dei er merkte av melankoli og vemod, men òg av lun humor og poetisk intensitet. Hovudtema er mellommenneskeleg kommunikasjon og særleg mangelen på kommunikasjon, fokusering på teknologi som hindrar den og asosialiserer menneska ved å stille seg i vegen for beinveges kontakt mellom dei. Boktittelen alluderer til Copperfield.

Koparåker av Gyrdir Elíasson

Gunnhild Øyehaug: Vente blinke

Boka gir oss historia til fleire ulike menneske. Forlaget skriv: Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv.

Vente blinke av Gunnhild Øyehaug

Gunstein Bakke: Maud og Aud

30 år etter ei alvorleg trafikkulukke blir fredelege trafikantar truga av ein svart Mercedes. Trafikken sjølv speler ei viktig rolle i denne essayistiske romanen.

Maud og Aud av Gunstein Bakke

Aina Basso: Fange 59. Taterpige

Den unge taterjenta Maria hamnar på tukthus i Trondheim på 1700-talet, og må tilpasse seg forholda innanfor murane. Ho fortel historia om folket og familien sin, og om livet på vegen.

Fange 59 taterpige av Aina Basso

Bergsveinn Birgisson: Svar på brev frå Helga

Ein gammal sauebonde svarer på brevet han ein gong fekk av elskerinna si, Helga. Det er mange val som må svarast for, og han skriv både om bygdesladder og sitt eige liv.

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson.jpe

Helga Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet

Anna kvart kapittel er på bokmål og nynorsk. Handlar om tre bygdegutar som vert drepne som soldatar i Afghanistan, og kva det gjer med bygda.

Bli hvis du kan-trilogien av Helga Flatland


Kjartan Fløgstad: Grand Manila

Med handling frå industristaden Lovra i Ryfylke. Me følgjer fem unge gutar sin oppvekst, og trekk linjene mellom industri i Ryfylke og eit stort multinasjonalt selskap.

Grand Manila av Kjartan Fløgstad

Heidi Furre: Parissyndromet

Ei heilt nydeleg bok om å flytte til eit anna land, om å klare seg heilt åleine, skape nye vennskapsband og bevare dei gamle.

Parissyndromet av Heidi Furre

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

Boka handlar om Camille, Philibert, Franck og Paulette, fire vidt forskjellige menneske som kjem inn i kvarandres sine liv til glede for dei sjølve og ikkje minst for lesaren. Sjarmerande bok ein blir glad i.

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda


Frode Grytten: Bikubesong

Boka er sett saman av 25 historier om 24 av personane som bur i arbeidarbustaden Murboligen i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger.

Bikubesong av Frode Grytten


Kari Hesthamar: So long Marianne : ei kjærleikshistorie

Dette er ei biografisk bok om Marianne Ihlen sitt liv på den greske øya Hydra. Me får historia om samlivet med forfattar Axel Jensen, og kjærleiksforholdet hennar til Leonard Cohen.

So long Marianne av Kari Hesthamar


Bjørn Sortland: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Ei fantastisk morosam lita bok om ungkaren Ivar, som filosoferer om damer og Gud. Eventyret starter når han blir engasjert som skrivelærar for tre kvinner som nett har sona ferdig dommen sin i fengselet.

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar av Bjørn Sortland


Carl Frode Tiller: Innsirkling 1-3

David, som har mista hukommelsen, set inn ei annonse og bed gamle kjente skrive til han. Dermed startar ei innsirkling av både hans liv og livet til dei gamle venene.

Innsirkling av Carl Frode Tiller

J.R.R. Tolkien: Ringdrotten

Fleire av dei tilsette på Sølvberget seier at den nynorske omsetjinga av forteljinga om Frodo og ringen er betre enn den på bokmål. Prøv og sjå sjølv!

Ringdrotten av JRR Tolkien
Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙