Hopp til hovedinnhold

Mindfulness og løping!

Mindfulness og løping!

Har du lyst til å lesa noko anna enn krim i påska? Kanskje du vil bruka finværet til å byrja å meditera eller jogga? Her kjem nokre boktips.

Født til å løpe

Født til å løpe av Christopher McDougall

Journalisten Christopher McDougall møter den myteomspunne løparen Caballo Blanco og løperstammen tarahumaraene i Mexico, blir venar med verdas beste langdistanseløparar og snakkar med skofabrikantar, trenere og leger.

Utruleg engasjerande historier og fakta om langdistanseløping. Me blir kjent med mange ganske karakteristiske løparar frå heile verda som han skildrar med innsikt og humor slik at du føler at du kjenner dei. Saman med alle desse løparane får me til dømes vera med på 80km-s løp i ørkenen.

Du trur kanskje det er kjekkare å sjå på løp enn å lesa om det, men det er veldig lett å la seg riva med, og det blir veldig spanande. Eg fekk faktisk tårer i augo når det store løpet gjekk av stabelen på slutten i boka.

 

Løp som en jente av Alexandra HeminsleyL

Løp som en jente

Me kan få negative assosiasjoner av ein tittel som Løp som en jente, men det skal ikkje vera negativt å løpe som ei jente. Forfattaren meiner at jenter kan springa like bra som menn.

Ho var ei av dei jentene som tenkte at «eg kan jo ikkje jogga eg», men så fekk ho lyst å prøva likevel. Ho var på eit nivå der ho blei andpusten og følte seg teit når ho sprang 100 meter. Men ho gav ikkje opp, sakte men sikkert blei ho betre. Etter kvart kjente ho på mestringsfølelsen, og det blei kjekt. Det var ikkje lengre berre trening, men og fine turar i naturen, tilstedeværelse, gode opplevingar, møte nye menneske og delta i maraton. Ho får opp og nedturar, og blir sterkare mentalt og fysisk.

Ho skriv veldig morosamt og engasjerande om jogging. Ho har og eit kapittel med praktiske tips for nybegynnarar, og eit kapittel om kvinnene som har sprunge før oss, og gjort det mogleg for oss å delta i lange løp.

 

Nå

Nå- tilstedeværelse i hverdagen av Michael de Vibe & Ragnar Karem

Ein fin liten praktisk inngang til mindfulness. Det er bilete, dikt og små øvingar du kan gjera for å finna ro, og bli meir harmonisk. Den byrjar med enkle øvingar som å vaska hendene og berre tenkja på hendene, varmen, vatnet og vera heilt til stade i augneblinken. Etter kvart kjem det meir avanserte oppgåver.

 

 

 

Bli best

Bli best med mental trening av Bertrand Larsen

Bertrand Larsen har hjelpt ei rekke idrettsutøvarar og næringslivstopper. I denne boka fortel han korleis me alle kan betra prestasjonane våre, både i kvardagslivet, på jobb og når vi trener. Hva skal til for å bli en vinner? Hvordan mobiliserer du råskapen i deg, for å prestere bedre i hverdagen og være best når det virkelig gjelder?

Du skal faktisk både laga deg ein skriftlig visjon du kan leva etter, eit mål du må strekka deg etter og ein strategi for å nå målet.

Innimellom er det mange små historier frå hans eige liv og folk han har hjelpa. Veldig interessant og engasjerande fortald. Eg høyrer den på lydbok, og han leser heilt fantastisk for han har østlandsk dialekt med skarre-R.

 

 

det er nå du lever

Det er nå du lever av Eckhart Tolle

Eckhart Tolle opplevde ei krise som 29åring og fekk plutselig ei overveldane spirituell  oppleving av indre ro og tilstedeværelse.

Han skriv om korleis forstyrrande tankerekker, og annan støy i tankane våre hindrar oss i å leve meir bevisst. Deretter forklarar han korleis kjensler forsterkar negative tankemønstre og legger beslag på mykje mental energi som difor vert brukt på  unødvendige tankar og destruktive kjensler. Ved å følgja denne metoden skal du altså kunne finna ein måte å dempa indre «støy» som masar om alt du burde ha gjort, og kor dårlig du er osv.

Av og til er det praktisk og klokt å handle på sine tankar, men andre gonger er det nok å bare godta, kjenna etter og observera sine tankar utan å agere. Bodskapen er at du må vera tilstade i noet for å vera lykkeleg.

Men denne boka er ganske tung å lesa. Så eg må ta den i små doser. Den er ganske intens, som du vil forstå av dette utdraget:

Vi er alle opphøyde vesener, og vi må gjenopprette kontakten med vår innerste natur og uttrykke oss gjennom vår helt spesielle guddommelige virkelighet i den fysiske verden - hele tiden. Da først vil vi oppleve fred og harmoni i oss selv og med omverden.

 

Beck

Morning Phase av Beck

Eit musikktips til slutt. Me har ikkje fått det nyaste albumet av Beck på musikkbiblioteket endå.  Men me har nokre av dei eldre her: Beck. Ellers kan du høyra Morning Phase på Spotify. Det er veldig behagelig singer/songwriter, indie pop. Jordnært med fine melodiar, fantastisk stemme og fin gitarklimpring. Perfekt som bakgrunnsmusikk for å skapa behageleg god stemning til ein mindful påske.

Google+