Hopp til hovedinnhold

Lesetips: Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen

Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen

Denne boka las eg i eit jafs! Så herlig å bli skikkelig oppslukt av ei bok.

Yt etter evne få etter behov av Olaug Nilssen

Kva gjer det med ein familie når ein har eit barn med autisme?

Lea har gått på ein smell etter å ha prøvd å følgje opp sonen Benjamin dei første åra. No bruker ho dagane på å spele Hay Day på mobilen, og ete store mengder usunn mat.

Søstera Rakel har tatt over ansvaret for Benjamin, ho er familiens pietist som alltid har orden og kontroll. Søstera Linda er lege og tobarnmor og har sterke meiningar om latskapen til Lea, men tek lite initiativ til å hjelpe med Benjamin. Mora deira Gudrun vil være der for alle, men strekk ikkje til.

Trass alvoret er dette ei humoristisk bok, med skarpe komiske observasjonar av den dysfunksjonelle familiedynamikken.

Lån Olaug Nilssens bøker på Sølvberget.

Følg meg på instagram.com/bibliotekaringunn

Google+