Hopp til hovedinnhold

Lesegleder

Lesegleder

Under leselampen kan du reisa i tid og rom, bli med til Georgia, India og USA.  Dette er nokre av dei beste bøkene eg har lese i løpet av dei siste månadene.  

Min fars hode Jelena Botsjorisjvili

Botsjorisjvili:  Min fars Hode

Ein ung mann får med seg et brev fra far sin då han skal reise på bryllupsreise til Aust-Europa og tidligere Sovjetunionen. Han skal til Georgia der faren vaks opp og farfaren døydde og er gravlagt.  Faren fortell om Georgia mot slutten av Sovjettida, og den første tida etter at Georgia vart sjølvstendig. Han forteller om far sin, som var byråkrat og mora som var skodespelar. Det er ei historie om korleis det var å leva i Sovjetunionen og seinere i det nye Georgia. I ein av dei valdelege opptøyane vart faren drepen og resten av familien drog då til Kanada.

Alt dette i ei lita bok på mindre enn hundre sider. Likevel er det mest ei historie om ein familie som var lukkelege saman i et land, i ei tid som no er forbi. Og det er dette faren vil fortelja om til sonen sin som no har funna kjærleiken.  Brevet kan sjåast på som byrjinga på et vennskap mellom far og son, for hans far, den unge mannen sin  farfar, sa ein gong: «Jeg tror at ekte vennskap mellom far og sønn begynner når de kan fortelle hverandre om sin kjærlighet» Dette er bare ei av de mange vakre formuleringane og skildringane i boka.  Eg vart svært glad i henne.

Jelena Botsjorisjvili er fødtdi Georgia, men emigrerte til Kanada i 1992. Min fars hode kom på norsk i 2013 på Solum forlag

Jhumpa Lahiri: Våtmarken

Lahiri:  Våtmarken

Subhasj og Udayan er  brør - til forveksling like, uskiljelege, men også svært ulike. Dei vaks opp på 50- og 60-tallet i Calcutta med ei våtmark som sin næraste leikeplass. Då dei er i byrjinga av 20-åra går dei kvar sin veg i livet. Udayan er politisk aktiv og er med i en rørsle som kjempar mot fattigdom og klasseskiller. Han trasser foreldra og gifter seg med ei jente han vel sjølv. Subhasj får høve til å studere i USA og flytter aldri tilbake til India. Han får eit stadig meir vestleg levesett, men han kjenner seg likevel aldri amerikansk. Når han reiser på besøk til familien i Calcutta, kjenner han at han at han ikke høyrer til der heller.

Dei to brørne vert ført sammen på eit vis, eg skal ikkje røpa meir. Det er Subhasj’s liv i USA me følgjer i siste del av boka, men det er forbindelsestråder til India gjennom heie romanen. Samtidig er det ein generasjonsroman og det handlar mykje om å finna sin identitet.  Eg synes Lahiri skriver svært godt, uansett om dette er miljøer som er langt frå min kvardag, så rører ho meg med menneskeskildringane sine.

Jhumpa Lahiri er fødd i London av bengalske foreldre, men ho vaks opp i USA. Ho er blitt nominert til fleire litterære prisar for Våtmarken. For debutboka si, Lidelsens tolk fikk ho Pulitzerprisen i 2002.

Den flammende verden av Siri Hustvedt

Hustvedt: Denne flammende verden

I.V.Hess har fatta interesse for den avdøde kunstnaren Harriet Burden etter at ho får høyra om kunstprosjekt er Maskeringer.  Ho bestemmer seg for å forska omkring denne og skriva ein biografi om henne.  Harriet meinte at kvinnelig kunstnarar ikkje får samme anerkjennelse som mannlege. Derfor skal ho ha gått i kompaniskap med tre yngre mannlege kunstnarar, relativt ukjende. Ho skapar eit verk i tre delar som blir utgjevne i deira namn. Det går akkurat som ho hadde tenkt, kunsten blir vurdert og omtalt på ein heilt annan måte enn hennar eigne tidlegare verk. Sanninga kjem aldri for ein dag i Harriets levetid og kjeldene Hess har er nok ikkje heilt eintydige.

Og det er desse kjeldene som utgjer biografien, dvs romanen (for alt dette er fiksjon): Harriets dagboksnotatar, brev, kunstanmeldelser, intervju med folk som har stått henne nær.  Det som imponerte meg var at Hustvedt greier å endra stemma og stilen i kvar enkelt tekst. Frå Harriets eigne filosofiske og svært intellektuelle utredningar til brev og nedskrivne samtalar med folk som kjende henne. Tilsaman gjev desse tekstane eit bilde av Harriet som kunstnar, veninne, partner og mor, ho trer fram som en ekstraordinaær personlegdom. Det siste kapittlet er også en av de mest rørande skildringar av sjukdom og død eg har lese.  Alt i alt er det den finaste boka av Hustvedt eg har lese til tross for den litt spesielle forma.

Siri Hustvedt er amerikansk, men namnet avslører at ho har norske aner. Ho har i tillegg til romarar, utgitt både dikt og essay.

Følg meg gjerne på Bokelskere.no/Else hvis du vil ha fleire tips

Google+