Hva leter du etter?

Knapt med tid? Les noveller

Det vert sagt at Ernest Hemingway ein gong fekk fygjande utfordring:  Skriv ei novelle med 6 eller 7 ord og han kvitterte med denne:  «For sale.  Baby shoes. Never worn» (Til salgs: babysko.  Aldri brukt).

Sannsynlegvis er det ikkje gamle Hemingway som står bak disse orda, men dei viser i alle fall kor sterkt ord kan virka.

Det skal ikkje mange orda til for å vekkja kjensler, gråt, latter, glede eller undring. Og kanskje få oss til å tenkja nye tanker. Eg oppdaga nyleg ei lita bok i ei av hyllene på biblioteket. Du trenger ikke mer enn 6. Ei gruppe skribentar, humoristar, ein språkentusiast og ein grafisk designar står bak denne boka som inneheld ei rekkje små tekster, alle med berre seks ord. Akkurat slik som Hemingways (eller kven det no var sin). I tillegg til de seks orda som vert grafisk formgjeving brukt på en måte som gjev tekstane ein ekstra dimensjon. Dette er kreativt og morsomt.

Det mest imponerande er nok at sjølv med berre seks ord, får dei i mange tilfelle til det som er et av novellesjangerens mest markante kjenneteikn: ein overraskende slutt. Høyr berre: «Hete tanker. Glødende tanker. Utbrente biler» Mikronoveller kaller utgjevarane det, nokre er berre festlege, men me finn innslag av både bittersødme og svart humor her. Prøv en mikronovelle!

Frode Gryttens twitterprosjekt

I eit heilt år skreiv Grytten ei twittermelding kvar dag. I denne forma hadde han 140 teikn til disposisjon, litt meir enn seks ord, altså, men framleis ei nokså streng ramme. Forlaget kallar også desse tekstane for mikronoveller. Nokre av dei best er samla i ei samling Vente på Fuglen, tilsaman fortel dei om små augneblink i livet, frå fødsel til død. Både lukkelege og triste, kvardagslege og ekstraordinere. Fine.

Novellekunstens A-lag

Dersom du no er nysgjerrig på noveller, kvar finn du dei? I biblioteket har me ei antologihylle. Her finn du samlingar med noveller av ulike forfattarar frå heile verda, det er ein fin stad å starta. Sjå ikkje bort frå at du finn fleire av verdas beste noveller her. Eller du kan prøva deg på samlingar av enkeltforfattarar som har spesialisert seg dei korte forteljingane. Tidlegare nemnde Hemingway høyrer til blant desse, han skriv i sin særeigne, knappe stil, ofte om gutar og menn. Ein annan er vår eigen Aleksander L. Kielland. Han var samfunnskritisk i sine små forteljingar som han kalla novelletter og med desse fekk han sitt gjennombrot som forfattar.

Det fins så mange: Alice Munro, Nobelprisvinnaren frå 2013, Kjell Askildesen, kanskje vår eigen største novelleforfattar, desssutan Gunnhild Øyehaug og Per Petterson - og mange andre. Sjølv har eg nokre favorittar: Amerikanske Lucia Berlin, våre eiga Ingvild H. Rishøi og Gyrðir Elíasson, frå Island. Og skal du lesa berre ei novelle, så seiest det at det er Sjakknovelle av Stefan Zweig er verdas beste. Gå ikkje glipp av den - sjølv om du har knapt med tid.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙