Hopp til hovedinnhold

Feriedraumen som brast

https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/48/Garmisch-Partenkirchen_-_panorama_3.jpg/120px-Garmisch-Partenkirchen_-_panorama_3.jpg

Er du lei av forestillingar om sommardiyll? Då skal du lesa om ein skikkeleg mislukka ferie: Stille dager i Mixing part av Erlend Loe.

Foto:  Cappelen Damm

Nina og Telemann er gift og har tre born, men lever i kvar si verd og drøymer om vidt forskjellige ting. Telemann, dramaturg på Nationaltheatret, har eit rikt fantasiliv, medan Nina, norsklærar på vidaregåande, er den praktiske typen og får saker og ting til å skje.

Lange samtalar, ingen kommunkasjon og ein stor dose humor

Trass i at Telemann hatar Tyskland, har Nina bestilt eit feriehus i Garmisch-Partenkirchen. Ho elskar nemleg alt som er tysk, men er ikkje stø nok i språket til å kommunisera på det, så ho må ty til engelsk. Den tyske husverten kan ikkje engelsk, men heldigvis fins Google Translate, så dei to kjem til å forstå kvarandre svært godt.

Både Nina og Telemann kjenner på at forholdet skrantar, men har begge vanskar med å møta den andre. Til tross for hyppige samtalar når ingen av dei fram.

Ekteskapleg drama

Desse samtalane, samt Telemann sine dagdraumar, er romanens styrke.  Det er noko tragisk over dei og samtidig ustyrteleg komisk.  Telemann som ynskjer å skriva eit fantastisk skodespel, får sjølv hovudrolla i eit ekteskapleg drama.  

Det går mot ei krise i ekteskapet i Garmisch-Partenkirchen (eller Mixing Part Church, som Google vel å omsetja det til) og ferien blir dramatisk for heile familien. Trass i det alvorlege temaet er det altså mykje humor og komiske element i handlinga som gjer denne romanen til fornøyeleg lesning. Dette er ei av desse bøkene som får meg til å tenkja på eit gruk frå Kumbel (Piet Hein) «Den, som kun tar spøg for spøg og alvor kun alvorligt, han og hun har faktisk fattet begge dele dårligt»

Lån boka på biblioteket eller på ebokbib.

Google+