Hopp til hovedinnhold

Det er morer

Eli Seim

Tittelen er lånt fra Svein Tang Was nydelige sang til sin mor.  Mustafa Can og Linda Eide har begge skrevet bok om sin egen mor.  Ganske forskjellige, men respekt og kjærlighet preger begge fortellingene.  

Sigrun Hetland Grøtteland skriver om Tett inntil Dagene av Mustafa Can og Eli Seim om Linda Eides Mottro

Fra Kurdistan til Sverige

Bokcover Mustafa Can

Du har sett henne vaggende på fortauet med fulle bæreposer.  Alltid med kåpe og skaut, ofte med en skokk barn i hælene.  I følge myten er hun undertrykt, tror vi, men vi vet ikke.  Svensk-kurdiske Mustafa Can skammet seg over sin mor, han lot som om han ikke kjente henne når de var ute og handlet.  Selv var han så ung da kom til Sverige at han raskt lot seg integrere og ble "svensk".  Moren laget mye god mat, men hun lignet ikke mye på de moderne svenske kameratmødrene.  Hun var analfabet og lærte seg med mye strev og møye å skrive navnet sitt.

Fortellingen begynner på morens dødsleie, hvor Mustafa desperat forsøker å bli kjent med henne før det er for seint.  Han kommer langt på vei.  Gjennom samtaler med moren og tanker om hvordan han har opplevd oppveksten, blir inntrykket av moren stadig sterkere.  Han husker også kommentarene til morens venner i landsbyen de forlot.

Det er et velskrevet portrett av moren, som gjelder langt ut fra forfatterens egen familie.  Boken beskriver kulturkrasjet mange innvandrere opplever meget presist.  Kan anbefales. Finn og reserver boka

Ute i verda og heime på Voss

Eide:  Mottro

"Meg:  Fanst det ekstemsport då du vaks opp?
Mottro:  Eg trur du er heit sprø.  Eg er jo heit uekstrem
Meg:  Kunne du aldri ha hoppa i fallskjerm?
Mottro:  Nei,nei.  Eg har nok med at eg skal opp i fly om eg ikkje skal hoppa ut av det også.
Meg: Følgjer deg der.
Mottro:  Og så er det jo heilt unødvendig.  Ta fly må ein jo av og til gjera for å komma seg til plass til plass, men ut i fallskjerm treng du jo ikkje.  Så lenge du ikkje er fallskjermjeger, i alle fall.
Meg:  Ikkje om du fekk ein million?
Mottro: Kva i all verda skal eg med ein million?
Meg: Men du likar jo pengar?
Mottro:  Ja då, men eg treng no ikkje så mykje."

Når Linda lurer på korleis små og store ting heng saman, ringjer ho Mottro (Kjært barn har mange namn heiter det, og det gjeld også for Mor: Mamma, Mamsen, Mormi og Muttern'n bl.a. På vossadialekt heiter det Mottro).  I boka er ein del av desse samtalane attgjevne, saman med fotografi frå gamle dagar (som strekkjer seg bakover til ca 1940), eit kart over Bjørgum (ei bygd i Voss kommune), eit verdskart (for Mottro har vore til sjøs i sine unge dagar), samt ei ordliste over vossauttrykk (les den gjerne først, for det er, om ikkje ilt, så iallefall bale, når du ikkje forstår kva skrei er).  Dei samtalar om korleis det var både før og etter Linda og brørne hennar vart fødd.  Det har tatt litt tid for Linda å oppdaga at mora hadde eit liv før det.
På ein original måte målar Linda Eide eit bilete av mor si, og ho får svært godt fram det spesielle i ei tilsynelatande alminneleg kvinne. Og mellom linjene kan ein lesa om eit mor-dotter fullt av varme og humor, - og små ironiske skråblikk.  Les eit par kapittel kvar dag, og du kan sjå fram til ein liten lesefest i mange dagar.  Sjå heller ikkje bort frå at du vert rørt.  Finn og reserver boka

Google+