Hopp til hovedinnhold

Agnes Ravatn, "Veke 53": Mann gjev opp, men livet grip inn

Agnes Ravatn, "Veke 53": Mann gjev opp, men livet grip inn

Når Agnes Ravatn skriv juleroman, er det sjølvsagt lite lun kos over handlinga. Veke 53 er ein leiken debut om dei store spørsmåla i livet.

veke 53

Veke 53 avrundar Ravatn-hausten 2014 for min del. Sidan i sommar har eg vore gjennom Fugletribunalet, Operasjon sjølvdisiplin og Folkelesnad.

Veke 53 kom før alle desse (2007), og har eit enkelt utgangspunkt. Georg Ulveset er ein middelaldrande, fråskild, resignert lektor som går inn i jula med minimal livslyst. Nokon eller noko må rykka han ut av døsen, og innan det vert nyttår opplever Georg både dødsfall, pinlege familiemøter, pinlege juleselskap, utruskap og pinlege elevmøter, alt tilsett rikelege mengder alkohol.

Agnes Ravatn skriv dialogar som ein trur på, og diktar fram ein hovudperson som er akkurat passeleg på sida av vanlege sosiale omgangsformer. Det frekke og det ettertenksame vandrar fint saman gjennom boka, og Georg finn til slutt ei slags meining i tilværet. Og dersom du trur du har lese nok om sjakk etter ein haust med Magnus Carlsen i alle kanalar, kan eg love deg at sjakkscena i Veke 53 toppar haustens sjakkreportasjar med god margin.

Agnes Ravatn
Veke 53 (roman)
Samlaget 2007 

Vil du lese fleire utradisjonelle julebøker? Vi har oversikta.

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn lite portrett

Forfattar (f. 1983) frå Ølen. Debuterte med romanen "Veke 53" i 2007, og har seinare skrive essays og romanar. "Fugletribunalet" frå 2013 fekk P2-lyttarane sin romanpris. Spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.

Google+