Hopp til hovedinnhold

Agnes Ravatn, "Folkelesnad": Nye lesebriller

Agnes Ravatn, "Folkelesnad": Nye lesebriller

Gjev du ein bunke vekeblad til Agnes Ravatn og bed ho skrive om det ho finn, vert resultatet sjølvsagt morosamt. Du les neppe glansa magasin på same måten igjen etter å ha sett dei frå hennar vinkel.

Det er det store Agnes Ravatn-året for min del. I sommar las eg Fugletribunalet. I haust gledde eg meg stort over Operasjon sjølvdisiplin. Begge bøkene er med på å løfte ho ut av båsen for nynorsksatirikarar.

Essaysamling

Folkelesnad kom før desse to, og er ei samling av artiklar som har stått på trykk i vekeavisa Dag og Tid. Ideen er enkel: Ravatn har arbeidd seg gjennom norske månads- og vekemagasin, og skriv essays om det ho har lese.

Ein kan innvende mot prosjektet at det er det britane vil kalle "ei lågthengande frukt", altså ei oppgåve som er enkel, særleg for ein kapasitet som Ravatn. Å ironisere over eskapismen og sjargongen i dei glansa magasina er ei takknemleg oppgåve. Med ein dårlegare skribent enn Ravatn kunne boka ha falle til bakken.

Folkelesnad er ei perfekt bok for deg vil ha lesestoff for handa medan du lagar kaffi eller ungane ser på tv i bakgrunnen. Boka har korte kapittel og hyppige punchlines.

Bladet med ljåen

Ravatn er på sitt beste når ho skriv om bladet "Vi over 60", i kapittelet "Bladet med ljåen". Om kontaktannonsene:

"Eldre menneske avdekkjer på desse sidene ei sjukleg kroppsfiksering. Dei oppgir nøyaktige mål på seg sjølve og er svært så medvitne om kva slags folk dei søkjer. Og ingen er ute etter ekteskap - berre uforpliktande flørting, one night stands og elleville selskapsreiser."

Og litt seinare:

"Det er eit gapande misforhold mellom det redaksjonelle stoffet - der alt handlar om å vere gammal - og sjølvpresentasjonane til dei kjærleikssøkjande: Desse orda går att i absolutt alle: "ungdommelig", "sporty", "positiv", "livsglad", "rampete", "frisk og rask", "kreativ", "spontan", "ambisiøs", "sprek". Åå, hald kjeft og berre ver gamle!"

Og om pengeblad ("Kapitalisme med korttidsminne"):

"Den journalistiske metoden til den jamne Kapital-medarbeidaren ser ut til å vere å gå inn på Google News og søkje på "millions" og deretter skrive om alt som kostar meir enn ein million. Klokker, vinar, Damien Hirst-verk, franske hus og frimerke med Lenin-motiv er eit lite utval av det som Kapital gjev spalteplass."

Folkelesnad gjer deg litt klokare, viser ein ung penn i fri utfalding og får deg til å le samtidig. Slike bøker kan det aldri bli for mange av.

Folkelesnad
Agnes Ravatn
Samlaget 2011 

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn lite portrett

Forfattar (f. 1983) frå Ølen. Debuterte med romanen "Veke 52" i 2007, og har seinare skrive essays og romanar. "Fugletribunalet" frå 2013 fekk P2-lyttarane sin romanpris. Spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.

Google+