Hopp til hovedinnhold

13 nynorskbøker på mållagets 100-årsdag

Dr. Munks popleksikon av Ragnar Hovland

Gratulerer med hundreårsdagen, Stavanger Mållag! Her kjem eit knippe anbefalingar som viser at det finst ei nynorskbok for alle.

(Anbefaling, ja. Det er lov å skrive det på nynorsk.) Stavanger mållag vart skipa 10. desember 1915. Sidan det nærmar seg jul og bibliotekarane er i julegåvemodus, har vi funne bøker til lesarar av alle slag: 

Nynorskboka for deg som vil lese ein godkjensle-roman om lottomillionærar og Live Aid

Are Kalvø Nød

Åsmund: Are Kalvø, Nød. Dette var ei overrasking. Are Kalvø har briljert i satireformatet sidan tidleg 90-tal. At han hadde ein så medrivande godkjensle-roman i seg, var meir enn eg hadde trudd. Nød handlar om ein lærar som i sin ungdom på 1980-talet stal pengar som han skulle ha donert til naudhjelp for Afrika. Som vaksen vert han lottomillionær, og vil gjere opp for ungdomssyndene. 

Lett og underhaldande, med eit engasjement som faktisk ikkje er ironisk. Lån på Sølvberget.

 

Nynorskboka for deg som vil lese Kjartan Fløgstad, men trur det er for vanskeleg

Dalen Portland Kjartan Fløgstad

Åsmund: Kjartan Fløgstad, Dalen Portland. Dei første 20 sidene av denne boka imponerte meg rett ned i bakken då eg las dei for fem år sidan. Fløgstad var berre 33 år då han skreiv boka om industrialiseringa av eit norsk småsamfunn.

Dalen Portland er leiken, skarp, kritisk og eventyrleg. Fløgstad fekk Nordisk råds litteraturpris for denne. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som vil lese om livet

Fred av Arne Garborg

Hild: Arne Garborg, Fred (1892). Dette er ein vakker roman som rommar utruleg mykje. For det fyrste er Fred kanskje den beste romanen som kom ut i den perioden han blei skriven, og opninga, den kjende skildringa av havet og Jær-naturen, blir rekna som eit meisterverk i norsk litteratur. Forutan å by på flotte naturskildringar borar Garborg djupt i dei mørke krokane i menneskesinnet. Slik gjev han lesaren eit intenst portrett av den religiøse og angstridde bonden Enok Hove, og av familien hans, som lir under den strenge faren si regjering, og ikkje minst etter at han vel å ta sitt eige liv.

Samstundes er Fred ei beskriving av folket på Jæren, av bygda og av samtida til Garborg – særleg av forandringane i jordbrukssamfunnet. Romanen inneheld også ei god klype humor og ironi, til trass for det openbert tragiske ved han, og er dermed ei komplett og nyansert lesaroppleving for ein lesar som vil lese om livet sjølv, på godt og vondt. 

Nynorskboka for deg som vil ha ei vindskeiv juleforteljing om midtlivskrise

veke 53

Åsmund: Agnes Ravatn, Veke 53. Før Ravatn slo gjennom med Fugletribunalet (som mellom anna fekk P2-lyttarane sin romanpris i 2013) hadde ho ein variert produksjon bak seg. Debutromanen Veke 53 kom i 2007, og er ein hemmeleg moderne nynorskklassikar. Ravatn gjev stemme til den middelaldrande lektoren Georg Ulveset, som slit med livet når det dreg seg mot jul.

Ravatn balanserer stor komikk med livskrise og mismot, og landar suverent på beina. Gled deg til scena der son og aldrande far spelar sjakk. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som vil lese om folk som har det verre enn du har det

Carl Frode Tiller Skråninga

Åsmund: Carl Frode Tiller, Skråninga. Klisjeen om nynorsk er at det er eit vakkert og poetisk språk.

Carl Frode Tillers debutroman viser at nynorsk er meir enn det. Skråninga blir fortalt av ein namnlaus hovudperson som er innlagd på psykiatrisk institusjon. Kvifor har han hamna der? Han fortel historia si, som er så brutal og samtidig så godt skriven at det er både ei nyting og ei pine å komme seg gjennom Skråninga. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som liker lite tekst, men mykje historie mellom linjene

Frode Grytten Vente på fuglen

Marianne: Frode Grytten, Vente på fuglen. Dette er Frode Grytten sitt Twitter-prosjekt samla mellom to permar. Kvar historie er ei mikronovelle på maksimalt 140 teikn.

Boka er kronologisk ordna, frå fødsel til død, og fortel alle historiene midt imellom. Det er enkelt, elegant og underfundig, om både det fine og det triste. Her er eit døme: "Tippeliga-spiss (28) har preparert ei t-skjorte under drakta: SKAL VI GIFTE OSS, SIRI? Total måltørke har dessverre sett giftarmålet i fare." Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som hevdar at du berre vil lese om krigen

Mor og fars historie

Åsmund: Edvard Hoem, Mor og fars historie. Norsk samtidsforfattar skriv om nær familie. Zzzzzz, tenkjer du kanskje. Ikkje gjer det. Edvard Hoems bok frå 2005 kjem til å gripe deg på alle vis. Eg skal ikkje røpe handlinga, den gleda skal du få sjølv.
- Mamma, elskar du han pappa? spurde eg mor ein gong i min fjerne barndom.
[...]
- Eg var ikkje så glad i far din da eg kom saman med han, men eg vart glad i han, for han var trufast, og truskap er like viktig som kjærleik. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som treng meir poesi i livet ditt

På ørnetuva

Åsmund: Olav H. Hauge, På ørnetuva. Hauge fekk Kritikerprisen for denne diktsamlinga frå 1961, som inneheld mange av dei mest kjende dikta hans: Til eit Astrup-bilete, Kom ikkje med heile sanningi, Eld og is, Kvannskorane, Kuppern skrid i Squaw Valley og så bortetter. Viss du fekk avsmak for dikt etter analyseøvingane i norsktimane, er Hauges dikt ein veg tilbake til poesien. Som gode popsongar tåler dei korte dikta i På ørnetuva å bli lese igjen og igjen. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som tolererer bokmål og nynorsk mellom same permar

Bli hvis du kan Helga Flatland

Åsmund: Helga Flatland, Bli hvis du kan-trilogien. Dei tre bøkene om kameratgjengen som dreg til Afghanistan har fenga lesarar av alle aldrar. Flatland gjev stemme til ei lang rekkje personar, nokre på nynorsk, andre på bokmål. Då eg las bøkene i fjor sommar, slo det meg at det er rart ikkje fleire har nytta dette grepet. (Særleg nynorskingar, som jo får bokmålet inn gratis gjennom massemedium.) Rørande, borande og imponerande om sorg og sakn. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som vil tilbake til naturen 

Alberto Caeiros poesi

Christian: Den portugisiske forfatteren Fernando Pessoa skrev sjelden under eget navn. I løpet av livet sjonglerte han med flere heteronym (Pessoas eget begrep for pseudonym). Et av de mest bejublede heteronymene - Alberto Caeiro - ble i 2012 endelig tilgjengelig i norsk eller nærmere bestemt nynorsk språkdrakt. Caeiro er på mange måter motsetningen til forfatteren av Pessoas mest kjente bok: Uroens bok av Bernando Soares (lån på Sølvberget). Den nevrotiske Soares ville vekk fra livet og inn i språket, inn i det abstrakte og fiktive. Caeiro derimot er en slags moderne hyrdedikter, som elsker eller i det minste forsøker å elske naturen og det enkle liv, samt benekte alt tankespinn for i stedet å se verden slik han mener den virkelig er: 

Eg bryr meg ikkje med rim. Det er veldig sjeldan du finn to identiske tre ved sida av kvarandre.
Eg tenkjer og skriv slik blomstrane har farge,
men mindre perfekt i måten eg uttrykkjer meg på,
fordi eg ikkje så guddommelig enkelt
berre er mi eiga utside.
Eg ser og blir rørt,
rørt slik vatn blir, der bakken skrånar
og poesien min er like naturlig som vindauken…
(Alberto Caeiros Poesi (2012, Flamme forlag): s. 60) Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som er oppteken av nær norsk historie og liker korte bøker

Samtidsruinar

Åsmund: Marit Eikemo, Samtidsruinar. Essay er ein skummel sjanger fordi han er lett å ty til, men samtidig så avslørande. Eikemo har vore journalist i Bergens Tidende og fekk mykje merksemd i 2015 for romanen Alt inkludert. I Samtidsruinar dreg ho til stader i Noreg som tida har gått i frå. Nedlagde hotell, industrianlegg, fiskevêr.  Det er eit visst slektskap mellom denne og Agnes Ravatns Stillstand, som du også bør lese. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som har ungar i seks-sjuårsalderen

Vaffelhjarte Maria Parr

Åsmund: Maria Parr, Vaffelhjarte. Eg sparkar kanskje inn opne dører her, for det verkar som alle har lese denne. Få klarer å skrive bøker som born og vaksne kan lese saman utan at ein av partane keiar seg gjennom lesinga. Hovudpersonane Trille og Lena bur på ei lita øy (truleg på Vestlandet), og boka følgjer dei gjennom eitt år med halvgalne påfunn og kvardagsliv.

Parr har full kontroll på lange og korte historielinjer. Det er noko leikent, men likevel kontrollert og sjølvsikkert over stilen hennar. Parr held personar og handling såpass i taumane at Vaffelhjarte aldri vert hemningslaus eller sentimental. Finst òg som TV-serie. Lån på Sølvberget.

Nynorskboka for deg som saknar populærkulturelle oppslagsverk på målforma

Dr Munks popleksikon

Åsmund: Ragnar Hovland, Dr. Munks popleksikon. Den fiktive Dr. Munk dukkar opp fleire stader i Ragnar Hovlands produksjon, fyrste gong i Sveve over vatna (1982), ein fin plass å starte dersom du er nysgjerrig på romanane hans. Dr. Munk er stor i kjeften, men i popleksikonet held han seg stort sett i ro. Kanskje skulle boka heller heitt Ragnar Hovlands popleksikon, for det er hans stemme eg høyrer. Men det er ikkje så nøye. Passar best for deg med eit sterkt forhold til popmusikken på 60-talet.

Fin å ha ståande på gangen, i bildøra eller andre stader du plutseleg får tre minutt til overs. Lån på Sølvberget.

Treng du fleire nynorsktips? Ta ein kikk på Marianne si utfyllande liste.

Google+