Hopp til hovedinnhold

Nynorsk for unge voksne

Anna Gavalda For ope hjarte

"Kvar står bøkene på nynorsk?" er eit spørsmål me høyrer stadig vekk. Dei nynorske bøkene står etter forfattar blanda med bøkene på bokmål, både på vaksen skjønnlitteratur og for barn og ungdom.

Nokre gonger når det kjem elevar frå videregåande skule som skal låna ei bok på nynorsk er det vanskeleg å finna "den rette boka" i farta. Her har eg samla nokre tips særskild med tanke på desse elevane. Men også for unge vaksne eller andre som vil ha ei sterk lesaroppleving. Her er nokre gripande historiar, noko spanande, og noko morosamt.

For ope hjarte Anna Gavalda

For ope hjarte
Anna Gavalda

Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn – som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine.

 

 

 

Fugletribunalet Agnes Ravatn

Fugletribunalet
Agnes Ravatn

TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

 

 

Få meg på for faen  Olaug Nilssen

Få meg på for faen
Olaug Nilssen

Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.

 

 

 

Fiolinane  Jan Roar Leikvoll

Fiolinane 
Jan Roar Leikvoll

Mørk, vakker og brutal, i ruinane av eit samfunn, der det er den sterkastes rett som gjeld, følgjer vi ein ung mann i hans kamp for å overleve. Storesystera er død, veslesystera ligg for døden, og han sjølv har begynt å kjenne eit punkt på ryggen der sola brenn ekstra sterk. Går det same vegen med han? Den unge mannen kjenner seg einsam og søker ly hos sitt faste haldepunkt i tilveret: bestefaren, fiolinisten, som bur på eit høgdedrag eit stykke unna familien og
flokken deira.

 

 

Fem stjerner Lars Petter Sveen

Fem stjerner
Lars Petter Sveen

Barnesoldatane Aisha og Said greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu i Somalia. Så møter dei Isir, Aalliyah og Khadar, som også er på flukt frå det same. Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å ta seg til Europa. Fem unge menneske på flukt gjennom ei ukjent verd. Reisa fører dei frå flyktningleirer til lastebilar gjennom ørkenen, frå fangenskap til den farefulle ferda over Middelhavet. «Fem stjerner» er ei bok om dei som mistar alt og flyktar til ingenting, i ei verd der ingen vil ha deg og ingen veit kven du er. Men det er òg ein roman om samhald, venskap og håp. 

 

 

Innsirkling Carl Frode Tiller

Innsirkling
Carl Frode Tiller

David har mista hugsen. I ei avisannonse med foto blir venner og kjende oppfordra til å skrive brev til han for å hjelpe han med å finne tilbake identiteten sin. Stefaren og ungdomsvenene Silje og Jon svarer på annonsen. Med breva får dei ein muligheit til å fortelje om sine eigne liv, samstundes med at dei sirklar inn David si historie. Forteljingane handlar om avgjerande val, feilslåtte ambisjonar og lengslar. 

 

 

Parissyndromet Heidi Furre

Parissyndromet
Heidi Furre

Parissyndromet åpner med ei ung jente som tar farvel med alt og alle ho kjenner og drar til Paris, kor ho ikkje kjenner nokon. Ho har ingen store planar. Lære seg fransk, jo, men det er ikkje så viktig. Mest av alt vil ho berre ut. Bort. Men kanskje uten å vite kvifor. Så treff ho eit nytt menneskje. Så eit nytt menneskje til. Ei lita jobb får ho seg óg. Og plutseleg har livet endra seg. Og det er bra. Og det er ikkje så bra.For ho saknar heime óg. Ho saknar bestemor. Ho saknar Benedikte. Og ho saknar han. Han som lét ho dra. Han ho skulle gi globusen sin til, men ombestemte seg, fordi: Eg ville ikkje gi heile verda til ein som ikkje ville ha meg. Parissyndromet handlar om å kome overens med seg sjølv og dei forventningane til livet ein ikkje visste ein hadde.

 

 

Bli hvis du kan. Reis hvis du må Helga Flatland

Bli hvis du kan. Reis hvis du må
Helga Flatland

Tre unge barndomsvenar frå same bygd, Tarjei, Trygve og Kristian, vervar seg til dei norske styrkane i Afghanistan. Ingen av de tre kjem tilbake. Romanen handlar om å vekse opp i, vera omgitt av og bryte opp fra ein tryggleik som ikkje lenger kjennes trygg. Historia om bygda fortsetter i Alle vil hjem. Ingen vil tilbake.

 

 

 

Handgranateple Ingelin Røssland

Handgranateple
Ingelin Røssland

Anja lever eit grått og kjedeleg liv heime hos familien. Men så byrjar ho på vidaregåande skule, og må flytte på hybel. I byen møter Anja Malin som snur livet hennar opp ned, og sørgjer for meir spaning enn Anja kanskje har godt av.

 

 

 

Alle har eit sultent hjarte Bjørn Sortland

Alle har eit sultent hjarte
Bjørn Sortland

Vi treff Ina rett etter at ho har oppdaga at ho er gravid med Erik. Kva gjer ho no? Ho er sår, sint og frustrert. Men Erik seier at han skal hjelpe. Han kan køyre henne til venninna, så får ho snakka med henne. Erik og Ina køyrer den lange vegen over fjellet til Oslo. Ina treff venninnna si, men er stadig like usikker. Ho og Erik vel å reise tilbake til heimbyen, i lag. Ingen av dei har bestemt seg for kva som er best å gjere, men dei har i alle fall begynt å snakke. Og dei har skjønt at dei har eit val. "Alle har eit sultent hjerte" er ein sterk roman om å velje, om begjær etter å få mest muleg ut av livet.

Google+