Hopp til hovedinnhold

Anne fra Bjørkely: Klassikar i både gammal og ny drakt

Anne fra Bjørkely: Klassikar i både gammal og ny drakt

Høge og bratte klipper. Eit majestetisk syn. Enger så grøne som aldri før. Sand på stranda raud som solnedgangen. Ei bru på nærmare halvanna mil som strekk seg så lang som auga kan sjå. Hus midt i bykjernen i alle regnbogens fargar, akkurat som Fargegata. Gardar langs kvar ein veg og små, kvite hus med grøne karmar og tak.

Eit slikt lite hus var det Anne Shirley såg då ho kom køyrande inn i ei hestekjerre saman med Matthew. «She opened her eyes and looked about her. They were on the crest of a hill. The sun had set some time since, but the landscape was still clear in the mellow afterlight. To the west a dark church spire rose up against a marigold sky. Below was a little valley and beyond a long, gently-rising slope with snug farmsteads scattered along it. From one to another the child’s eyes darted, eager and wistful. At last they lingered on one away to the left, far back from the road, dimly white with blossoming trees in the twilight of the surrounding woods. Over it, in the stainless southwest sky, a great crystal-white star was shining like a lamp of guidance and promise.» (Anne of Green Gables av Lucy M. Montgomery, s. 30).

IMG_4093_22052018

Sterk karakter

Staden eg snakkar om er Green Gables ute på den canadiske øya Prince Edward Island. Anne var elleve år då ho blei adoptert av søskenparet Marilla og Matthew Cuthbert. Dei ønska seg eigentleg ein gut som kunne hjelpe til på garden, men etter nokre dagar med Anne, var dei ikkje i tvil: Anne høyrde til på garden. Saman med hennar beste ven, Diana, har me fått stadar som «lake of shining waters», «haunted wood», «lover’s lane» og uttrykket «kindred spirits». Ein «kindred spirit» er ein person som forstår Anne godt, som tenkjer likt og som ho veit alltid kjem til å vere der når ho treng det. 

Det er 110 år sidan Lucy Maud Montgomery gav ut den fyrste boka om Anne Shirley. Boka heiter Anne of Green Gables, eller Anne frå Bjørkely på norsk, og den blei etter kort stund ein klassikar. Boka er omsett til nærmare førti språk og musikalen med same namn er verdas lengstløpande  – fyrste framsyning var i 1965. Boka er filmatisert mange gongar. Miniserien frå midten av 80-talet med Megan Follows i rolla som Anne er nok den aller mest kjente, men no er Netflix ute med ein ny serie: Anne with an E. Foreløpig er det laga to sesongar og det er nyleg kunngjort at det kjem ein sesong tre, noko eg trur mange set pris på.

For Anne er ein person som snakkar utan å vere redd, som er fantasifull og ganske sta, som har bein i nasen og som torer å vere seg sjølv. Som lar andre få vere seg sjølv. Me treng slike karakterar, karakterar som me kan sjå opp til, karakterar som ikkje naudsynt er perfekte eller modellvakre.

Og her må eg også nemne Gilbert Blythe. Tidleg i den fyrste boka blir Anne kalla «gulrot» av ein viss Gilbert, og ho lar seg ikkje pelle på nasen av det: ho knuser den lille krittavla i hovudet på han og det tar lang tid før ho klarer å komme over det. Men Gilbert gir ikkje opp, for det Anne ikkje veit er at han er stupforelska i ho: «[...] There was nobody else –– there never could be anybody else for me but you. I've loved you ever since that day you broke your slate over my head in school.» Han er ein karakter som prøver å vise at han er lei seg, som er ydmyk og ein som Anne etter kvart kan konkurrere mot, på ein positiv måte, når dei studerer til å bli lærarar. Gilbert gir til og med lærarjobben frå seg for å hjelpe Anne då ho ønskjer å vere heime og hjelpe Marilla. Og det er vel ingen løyndom at det til slutt blir Anne og Gilbert.

Anne of Green Gables1

Allitteratur

Til saman finst det åtte romanar om Anne, Gilbert og ungane deira, om Diana, Marilla og Matthew, om naboen Rachel Lynde, om Green Gables, Windy Poplars og om Rainbow Valley. Ho skreiv også novellesamlingane Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea der Anne er med i nokre av novellene. I tillegg fullførde ho boka The Blythes Are Quoted rett før ho gjekk bort, men den blei ikkje gitt ut før 2009, nærmare sytti år etterpå. I løpet av sin karriere, skreiv Montgomery tjue romanar, 500 noveller, like mange dikt og tretti essay. 1935 fekk ho utmerkinga Offiser av Den britiske imperieordenen. 

Dei fyrste bøkene om Anne er retta mot barn og ungdom, men etter kvart som ho blir eldre, blir også innhaldet og språket meir vaksent, noko som gjer at dei siste bøkene i mine auge er meir retta mot unge vaksne og vaksne. I dei siste bøkene er det i tillegg barna til Anne og Gilbert som er hovudfokuset medan dei to er meir i skuggen. Kristin Ørjasæter skreiv i artikkelen «Anne fra Bjørkely – pikebokserie fra den gang kvinnene snart skulle få stemmerett» at «Anne-bøkene er noe så uvanlig som en ungpikeserie der heltinnen ikke bare blir eldre, men også må vike plassen i sentrum av interessen for nye personer og generasjoner». Men når ein fyrst har lese dei fyrste bøkene, blir ein glad i alle karakterane, ikkje berre i Anne; ein ønskjer å lese vidare, heilt til det ikkje er meir å lese. Kanskje kan ein kalle serien allitteratur, altså at den passar for alle, ikkje berre for ei bestemt alders- eller målgruppe. 

Anne of Green Gables

Bøkene på norsk eller på engelsk

På norsk er det berre seks av dei åtte bøkene som er omsette og dei er i tillegg svært forkorta. Den fyrste boka, Anne fra Bjørkely, kom ut i ny omsetting 2014, så viss du ønskjer å lese ho på norsk, er dette den som er nærmast originalen. Når det gjeld dei engelske bøkene, er rekkefølgja forskjellig alt etter om du vil lese dei etter utgjevingsåret eller kronologisk etter handlinga. Men start uansett med den fyrste: Anne of Green Gables. Bøkene finst i både pocketutgåver og innbundne bøker og forsidene er alt frå fargerike til meir minimalistiske, med Anne på forsida eller berre tittelen i ein nydeleg font. På nettsida Project Gutenberg kan du også lese alle bøkene gratis, anten som ei vanleg nettside eller du kan få dei på lesebrettet ditt. Dei bøkene som er omsett til norsk, har me så klart til låns på biblioteket. Reserver dei på nettet, så kan du komme og hente dei når dei er funne fram og sett på ventehylle. Eller stikk innom og sjå kva andre bøker me har av same forfattar. 

IMG_3880

Frå hest og kjerre til fastlandssamband

Ørjasæter skriv vidare i artikkelen at «ettersom Anne vokser til og får en større handlingsradius, åpnes det sakte opp for omverdenen. På ett tidspunkt kommer telefonen, litt senere bilen, og til slutt bryter 1. verdenskrig ned alle forsøk på å stenge omverdenen ute. Montgomery viser hvordan endringene i kvinneidealet finner sted samtidig med at transportmulighetene utvikles». Prince Edward Island har nok forandra seg ein god del sidan den fyrste boka om Anne blei gitt ut, det er det ikkje nokon tvil om. Folk bruker ikkje lenger hest og kjerre, men bilar og bussar, avstandane er blitt kortare og brua som eg nemnde i ingressen, den som gjorde at øya fekk fastlandstilkopling, er berre dryge tjue år gammal. Før måtte ein altså ta båt over for å komme seg dit. Men at det framleis er vakkert der, er det ingen tvil om.

Google+