Hopp til hovedinnhold

Klassikaren: På ørnetuva av Olav H. Hauge

På ørnetuva av Olav H. Hauge

Utruleg, men sant: Ei av norsk litteraturs viktigaste lyrikkbøker, På ørnetuva av Olav H. Hauge, er knappast å få tak i.

Diktet Det er den draumen vart i 2016 kåra til Norges beste dikt nokosinne. Dette diktet står ikkje i Hauges bok På ørnetuva, men ei rekkje andre Hauge-klassikarar finst mellom desse to permane: No syng det atter, Kom ikkje med hele sanningi, Kvannskorane, Kupper'n skrid i Squaw Valley og Til eit Astrup-bilete.

Alle veit at Hauge budde heile livet i Ulvik i Hardanger, der han dyrka eple i tillegg til å skrive dikt. Naturmotiva går igjen i dikta i På ørnetuva, og i eit dikt som Kvannskorane vert den konkrete staden i Hardanger springbrett for ein tekst om sakn og minner.

Men boka har og andre innslag, som No skrid Kuppern i Squaw Valley, truleg det beste diktet som er skrive om sport. Det knyttar den norske skeiseløparen Knut "Kupper'n" Johannessen saman med kvardagslivet til radiolyttaren og med minne om eigen oppvekst.

På ørnetuva kom ut i 1961 i lekker utforming, men har ikkje blitt trykka opp at i anna enn samlingar av Hauges dikt.

Klassikeren, sesong 3:

Klassikeren, sesong 2:

Klassikeren, sesong 1:

På ørnetuva

Forfatter: Olav H. Hauge.
Utgjeven: 1961.
Kva: Diktsamling om dei store og heilt små tinga i livet.

Google+